Konsertmotto «Bibelen»:

Tidenes!
Ikkje tidenes oppmøte. Neppe tidenes konsert heller. Men Bibelen er og blir Tidenes Bok!
Det bekrefta «Bibelsongkvelden» i Åsskard-kyrkja onsdag. Både tonane og ikkje minst utstillinga av bibellitteratur røpa ein skatt av dimensjonar.
Klenodier frå bygda
Mellom Luther-postillen frå 1577 og Tegneseriebibelen av 2017 bugna bordet av lekre godbitar. Klassisk er 1875-utgåva etter lærar Arnt Sollid – også med eit typisk trekk: Handskriven slektshistorie attmed tittelbladet.

Mange hadde med salme- og andaktsbøker. Og snakk om historikk! Hans Hansen Bernhoft var første prest i det nyoppretta Surnadal prestegjeld i 1704. Faren, Oppdals-prest Hans Andersen, gav i 1703 ut ein songsyklus over Jesu lidelseshistorie. Og tru det eller ei – denne boka hadde dei i Bøverdalen, kunne May Holten vise fram!

Den danske biskopen (og kong Christian IVs hofflærar) Jesper Rasmussen (Casparo Erasmo) Brochmand (1585-1652) hadde lesarar både på Åsskard og i Bøverdalen: Annbjørg Engset la fram 1655-utgåva av «Gudelig Betenckning» (Sabbathi Sanctificatio) – som i over 200 år var danskane si favoritt-preikesamling. Kari Aarnes følgde opp med Brochmans «Huus-Postill», med fleire hundre års slektsnotat på blanksida.



Ei Andreas Hauge «Salmebog» frå Sollia skapte også assosiasjonar. Utgjevaren var sønn av Hans Nielsen Hauge – som sommaren 1799 møtte gjetarjenta nettopp ved Sollia og gjorde slikt inntrykk på henne at ho vart haugianar frå den dag.

Rekorden må likevel tilskrivast Arne Drøpping. Han tok turen frå andre sida av Todalsfjorden med ei 1577-utgåve av sjølvaste Martin Luthers «Hus-Postill»!

Ei slik samling av bibelske bokverk kunne åleine vore program nok – for eit større publikum. Trøst til deg som ikkje var der: Utstillinga blir gjenteken på museet i Bøfjorden i sommar!

Kjelde for song og musikk
Programmet heitte «Bibelsongkveld». Salmeskatten og mykje klassisk kyrkjemusikk har nettopp Bibelen som kjelde. Koret P17 og forsamlinga trekte linjer mellom bibelsitat og musikk.
Borghild Talgø og Randi Bøe deklamerte frå Davidssalmane, profetiane og evangelia. Dette vart følgt opp med Julekveldsvise, gospel, salmar og misjonshymner. Og med Petter Dass, som i Katechismus-Sange let folket synge 16 vers om kva «Lat namnet ditt helgast» betyr: Vil ikkje folk prise Gud, så skal «Steene og tørre Beene, Seyen og Skreyen og Niise» gjera det!
At «Alltid freidig» er henta frå diktarprest Richardts bibelske syngespel over eventyret Tornerose, var truleg ei aha-oppleving for dei frammøtte.
Klassisk
Bach, «Den femte evangelist», tolkar yndlingsmelodien «Velt alle dine veier» i Matteuspasjonen, Juleoratoriet, kantater og orgelverk. Framføringa onsdag peika på Gerhardts og Landstads tekst der første ord i dei 12 versa utgjer Bibelsalme 37.5 – eit såkalla «akrostikon».
Koret hadde fleire klassikarar i notemappa. Beethoven skreiv «All himlen priser» over Bibelsalme 19. Mendelssohn kunne også sin bibel og tonesette tekster i store og mindre verk. Englehelsinga «Ave Maria» og utdrag frå oratoria Paulus og Elias stod på programmet.
– Å løyse kryssord!
Mange har eit beskjedent, kanskje forlegent, forhold til Bibelen. Like fullt brukar vi massevis av dagleg ord og uttrykk derifrå - gjerne utan å vite opphavet.
Nokre slike dukka opp på songkvelden. «Sulamitten» er eigentleg jenta Sulamit, som dansa så vakkert. «Syndebukken» (lansert av Aron) er stadig aktuell - når skiskyttaren bommar på siste stå under stafetten eller når eit straffespark går i stolpen. Og kven har ikkje somtid godt av eit «Pauli ord»?
Som Rolv Wesenlund sa det: - Den som ikke kjenner Bibelen, kan jo ikke engang løse kryssord!