Surnadal kommune melder:

Utsikt over en fjord.

Påvist for høge verdiar av E. coli-bakteriar i fjorden ved Nordvik

Inntil vidare er rådet å unngå bading i fjorden ved Nordvik.

Grunna observasjonar i fjorden ved Nordvik no i september, vart det tatt vassprøve. Resultatet av analysen viser for høge verdiar av E. coli-bakteriar. Vi anbefaler difor at ein unngår å bade i området. 

Ny vassprøve vil bli tatt i løpet av neste veke. Det er kun ved Nordvik det er tatt prøvar. Det er difor usikkert kor stort område i Todalsfjorden som bør vere omfatta av rådet om å unngå bading i fjorden. 

Eventuelle oppfølgingsspørsmål vdr. påvist nivå av E. coli i fjorden kan rettast til vår miljøvernrådgivar Staffan Sandberg.

Saka er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Surnadal kommune sitt kommunevåpen
Powered by Labrador CMS