Surnadal kommune melder
Her er informasjon om tidspunkt og gjennomføring av vaksineringa denne hausten.
Drop-in vaksinering på Surnadal kulturhus
Årets influensa- og koronavaksinering går føre seg i Svorkasalen på Surnadal kulturhus i perioden 21. oktober til og med 24. oktober kl 09.00-15.00. Du kan få begge vaksiner samtidig. Du blir spurt når du kjem til vaksinering.
I år treng du ikkje bestille time. I staden blir det gitt eit drop-in tilbod der du kan møte opp på Kulturhuset på angitte datoar for kretsen du er heimehøyrande i. Dette for å gjere vaksineringa så smidig og triveleg som mogleg for alle.
Om du ikkje kan møte til oppsett dag for kretsen din, går det an å møte ein av dei andre dagane. Du treng ikkje varsle om dette.
Oppmøtedatoar etter krets
- Måndag 21.10 - Nedre Surnadal
- Tysdag 22.10 - Kvanne/ Stangvik og Todalen
- Onsdag 23.10 - Bøfjord/ Bæverfjord
- Torsdag 24.10 - Øvre Surnadal
Kven får tilbodet?
Vi tilbyr vaksinering kun til anbefalte grupper. Andre kan henvende seg på apoteket. Snakk med legen din dersom du treng medisinske råd.
Barn i risikogruppe kan bli vaksinerte etter eigen avtale på Helsestasjonen. Føresette bes ta kontakt.
Dersom du må utsette vaksinering, kan du sende e-post til vaksine@surnadal.kommune.no
Pris og betaling
Influensavaksine: Kr. 285. Koronavaksine: Gratis. Betaling kun med kort og vipps!
Praktisk informasjon
Parkering på ordinære parkeringsplassar på Skei. Ha på T-skjorte eller bekledning med ermar som er lette å brette opp. Sjuke personar skal ikkje møte opp.