Surnadal kommune melder

Flere personer rundt et bord. De jubler.
Kl. 03:00 den 9. november gikk Helseplattformen i produksjon i Surnadal.

Helseplattformen i drift

Overgangen til det nye journalsystemet i helga gikk som planlagt. 

Publisert Sist oppdatert

Ny epoke med Helseplattformen

Kl. 03:00 den 9. november gikk Helseplattformen i produksjon i Helse Nord-Trøndelag HF, saman med kommunane Hitra, Heim, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll. Ulike gamle journalsystem vart tatt ned og erstatta med eitt, og 4000 nye helsearbeidarar har tatt i bruk Helseplattformen.

Med Helseplattformen vil du som innbyggar få ein journal som skal følge deg i alle møte med helsetenester som brukar systemet. Du slepp å framskaffe og gjengi helseopplysningane dine til ulike tenesteytarar. At helsepersonell har tilgang til rett informasjon til rett tid på ein plass, vil også auke pasientsikkerheita di. 

Klokkeslettet natt til 9. november markerer ein viktig overgang frå innføringsprosjekt til drift, men når det gjeld innføring av Helseplattformen er det ingenting som har skjedd “over natta”. 

– Det ligg eit svært omfattande og møysommeleg arbeid i helsetenestene våre bak omlegginga til Helseplattformen i helga, seier Gunhild Eidsli, kommunalsjef i Helse og omsorg. Fredag kom kommunalsjefen med blomsteroppsatsar og lykkehelsingar til einingane som gikk på i helga. 

Eidsli rettar ein stor takk til alle involverte, og ein ekstra takk til lokal innføringsleiar Heidi Gravvold Sæter, som har vore ein stødig los under innføringsløpet. 

Sjå fullstendig stemningsrapport på Surnadal kommune sine heimesider.

Powered by Labrador CMS