Surnadal kommune:
Godt å vere i gang
Denne veka gikk startskuddet for tilsette i Surnadal kommune som skal ha opplæring i Helseplattformen. Her er ein liten stemningsrapport.
Måndag 26. august sette ulike faggrupper seg på skulebenken for å bli kjent med journalsystemet. Dei skal gjennom fleire ulike kurs dei neste månadene, før kommunen koplar seg på Helseplattformen den 9. november.
Ein stor kabal
- Det er ein stor kabal som skal gå opp når så mange skal på opplæring, samtidig som vi skal drifte helse- og omsorgstenestene våre. I ein periode framover vil kanskje ikkje alle vere like tilgjengelege til ei kvar tid og det ber vi om forståing for, seier Gunhild Eidsli, kommunalsjef Helse.
Eidsli var tidleg på plass for å ønske tilsette og instruktørar lykke til. På bildet står ho saman med instruktør Lillian Glærum og ein representant frå opplæringsavdelinga i Helseplattformen i klasserommet på Familiens Hus.
Godt opplegg og dyktige instruktørar
Kommunegruppa som no innfører Helseplattformen står på skuldrene til dei som har gått før oss, og vi har eit mykje betre utgangspunkt for innføringsarbeidet, både når det gjeld organisering, det tekniske og opplæring.
Vi har dyktige lokale instruktørar som sjølv har fått opplæring, og som gjennomfører opplæring for våre superbrukarar og sluttbrukarar. Desse kjenner både fagleg praksis og innhaldet i kursa godt.
-Helseplattformen blir veldig bra, eg har stor tru på dette.
Lillian Glærum, leiar i Bu- og aktivitetstenesta og lokal kursinstruktør
Klasseromsundervisninga foregår lokalt på sjukeheimen og i Familiens hus, noko som inneber minimalt med reising for våre tilsette. Surnadal kommune er også vertskap for enkelte kurs der tilsette frå andre kommunar kjem hit til oss.
– Eg har eit veldig godt inntrykk av opplæringsløpet frå Helseplattformen si side, som vi alle skal gjennom, seier Ingunn Mikkelsen. Ho er fagutviklingssjukepleiar ved sjukeheimen og ein av våre lokale instruktørar. Opplæringa inneber e-læringskurs før klasseromskurs, eigentrening i etterkant og superbrukarane får opplæringsdrypp og repetisjon når det nærmer seg, seier Mikkelsen.
Kjekt å halde kurs for kollegaer
-Helseplattformen blir veldig bra, eg har stor tru på dette, seier seier Lillian Glærum, leiar i Bu- og aktivitetstenesta og lokal kursinstruktør. Etter gjennomføring av første kursdag innrømmer ho at det var ein del nervar i starten, men at dette gjekk fort over.
- Det var dyktige kursdeltakarar, som verka positive til Helseplattformen. Eg opplevde det som veldig kjekt å kjøre kurs for tilsette. Det er mykje ein skal igjennom, og ein er ikkje utlært etter kursdagen, men får god kjennskap til plattformen og kunnskapsbasen, som vi vil bruke mykje utover hausten og etter Go-live (når vi slår på Helseplattformen), seier Glærum.
I kunnskapsbasen ligg alle beskrivelsar av prosedyrar, oppgåver og funksjonar i Helseplattformen som vi kan slå opp i om vi står litt fast eller treng å trene på noko.
-Det er klart det er mykje nytt å sette seg inn i og ingen forventar at alle er utlært til den 9. november. Det er først når vi tek i bruk Helseplattformen i det daglege arbeidet at den viktigaste læringa skjer.
Kommunalsjef Gunhild Eidsli
Einingsleiar ved Surnadal sjukeheim, Jenny Nordheim, fortel om god og roleg stemning under første opplæringsdag for sjukepleiarar og vernepleiarar ved sjukeheimen.
-Vi som deltok i dag har allereie fått litt introduserande opplæring. No er vi glade for å komme i gang på ordentleg. Bra opplegg frå vår eigen fagutviklingsjukepleiar, Ingunn Mikkelsen, som er instruktør og stod for opplæringa.
Etter å ha gjennomført sin første dag som instruktør, er også Ingunn sjølv fornøgd. -Eg vil skryte av dyktige og lærevillige kollegaer, som var rause med ein noko stotrete kurshaldar. Det vart en lang kursdag med mykje informasjon, men det tok kursdeltakarane på strak arm, seier Mikkelsen.
Trur dette blir kjempebra
Vi som no blir ein del av Helseplattformen koplar oss ikkje berre på eit nytt felles journalsystem, men eit slags digitalt Helsehus med kontinuerleg fagutvikling og samhandling der beste praksis blir standardisert i ei felles løysing for helsetenesta i Midt-Norge.
Helseplattformen tilbyr fagleg støtte i arbeidsprosessar for helsepersonell og innbyggarane får all informasjon om helsa si i samla ein journal og får sin eigen innbyggarapp, HelsaMi.
- Vi gjer jo dette for innbyggarane og trur dette blir kjempebra, avsluttar gjengen etter første skuledag i Helseplattformen.