
Medlem nummer 30 000 i Nasjonalforeningen er frå Surnadal
Surnadal demensforening og helselag med sine 364 medlemmer er Norges og Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt nest største lokallag. Berre lokallaget i Oslo er større enn Surnadal demensforening og helselag på landsbasis.
Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig humanitær organisasjon som har som mål å fremje aktivitetar for å hindre hjarte- og karsjukdomar og demens. Surnadal demensforening og helselag er eitt at 59 lokallag i Møre og Romsdal, og har Surnadal kommune som sitt geografiske område.

Besøk frå fylkeskontoret
Tysdag kom Tone Torseth Benjaminsen og Tone Tallaksen frå fylkeskontoret til Nasjonalforeningen på overraskande besøk til Surnadal demensforening og helselag sin vekentlege «Tirsdagsklubb»,på frivilligsentralen i Fiskegården på Skei.
Bakgrunnen var det store aktivitetsnivået i foreininga i Surnadal, men også vervekampanjen foreininga driv med for å få med seg fleire medlemmer. Det er aktivitetar som har blitt lagt merke til, både på hovudkontoret i Oslo og på fylkeskontoret i Molde, og som fylkeskontoret ønskte å markere med eit besøk på «Tirsdagsklubben» på tysdag
Medlem nummer 30 000
Men hovudgrunnen til at Benjaminsen og Tallaksen tok turen til Surnadal denne dagen, var nok likevel det faktum at medlem nummer 30 000 i Nasjonalforeningen for folkehelsen er frå Surnadal kommune. Reidun Dønnem Nerland er nemleg Nasjonalforeningen sitt medlem nummer 30 000. Ho fekk overrekt eit diplom som det synlege beviset på dette, samt at ho fekk eit gåvekort på 2.000 kroner i nettbutikken til Nasjonalforeningen og sjølvsagt blomster.

Vervekampanjen har så langt ført til at Surnadal demensforening og helselag har fått mange nye medlemmer, men det er framleis plass til fleire, understreka Liv Botten, leiar i lokalforeininga.
Mange aktiviteter i foreningen
Surnadal demensforening og helselag arrangerer kvar tysdag, mellom klokka 11:00 – 13:00 «Tirsdagsklubben» i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Da kan alle som vil ta turen dit for å strikke, sy, drikke kaffe med noko godt attåt og møte andre til sosialt samvær.
Elles kunne Botten fortelje at Surnadal demensforening og helselag, i tillegg til «Tirsdagsklubben», driv med mange andre aktivitet. Her kan nemnast «Hjertemarsjen», songstund kvar månad på Surnadal sjukeheim, julebord for bebuarane på sjukeheimen, nyttårsfest, sponsing av turar for bebuarane på sjukeheimen rundt om i kommunen, innsamlingsarbeid til forskjelleg utstyr til sjukeheimen, støtte til kurs for dei tilsette, «torsdagsdansen» på sjukeheimen, og mykje meir!

Botten kunne under «Tirsdagsklubben» tysdag røpe at torsdag den 7. august, så blir det «Seinsommarfest» på sjukeheimen, der Botten har klart å få med seg Henning Sommerro for å spele og underhalde.
Ho kunne også fortelje at Surnadal demensforening og helselag hadde fått 150.000 kroner frå Nasjonalforeningen for folkehelsen nasjonalt og på fylkesnivå, pengar ho var særs takknemleg for, og desse pengane kjem godt med i arbeidet for å skape aktivitetar og bidra til innkjøp av utstyr
Det vart med andre ord ein minneverdig «Tirsdagsklubb» i dag, med feiring både av medlem nummer 30 000 og pengestøtte, så i tillegg til vanleg servering var det innkjøpt ei stor marsipankake for å feire det heile på ein «skikkeleg» måte!