Flott markering av fag- og svennebrev
Tysdag kveld var 40 stk samla for markere dei 28 fag- og svennebreva som som vart tildelt nye fagarbeidarar frå lærebedrifter knytt til Indre Nordmøre opplæringskontor i 2022.
Hyller lærebedriftene
Marit Drøpping, leiar i Indre Nordmøre opplæringskontor, ønskte velkommen til denne markeringa, som var den første etter to år med koronarestriksjonar. I velkomsten heidra ho dei nye fagarbeidarane og den jobben dei har lagt ned gjennom lærlingtida for å komme i mål med fag-/svennebrevet sitt. Det krev ein innsats, og dei har fått ei utdanning dei kan vere stolte av. Dei skal no inn i roller som viktige fagarbeider, og vere med å halde samfunnsmaskineriet i gang. Fagutdanninga kjem ikkje av seg sjølv, og Marit dreg fram kor viktig lærebedriftene er. Dei som arbeider med lærlingar må vere skjerpa, ikkje ta snarvegar, halde seg oppdatert og drive vurderingar undervegs for å støtte lærlingane sine mot målet. Før læretid i bedrift kjem dei fleste av lærlingane frå yrkesfag ved Sunrnadal vgs, kor det er engasjerte lærarar som driv relevant opplæring. Dei får gode tilbakemeldingar frå fylket på samarbeid og kontakt med lokalt næringsliv. Fleire tilsette frå Surnadal vgs og lærebedriftene var til stades på markeringa. Til denne markeringa var næringsforeinngane i Surnadal, Rindal og Heim samt næringsavdelingane i kommunane og inviterte.
Over snittet
På ei nyleg lærling- og lærebedriftundersøking kom lærlingane på Indre Nordmøre veldig positivt ut, og låg over fylkessnittet på trivsel og motivasjon. Dei kom og over snittet på kor fornøgd dei var med opplæring i HMS, og kor godt bedriftene lærer dei opp etter læreplanen. Vi snakka med Thomas Aune og Kent Marius Brill som har vore lærlingar hos Trollheim AS, og dei fortel om eit triveleg og godt miljø, kor det er rom for å gjere feil, og at dei vart oppmuntra og motiverte undervegs til å prøve på nytt og utfordre seg sjølve. Dei har gledd seg til å gå på jobb kvar dag.
Fagbrev er ei solid utdanning som opnar for mange mulegheiter i arbeidslivet, men det er og muleg å utdanne seg vidare. Andreas Simensen, som har vore lærling hos Talgø MøreTre AS, skal ta teknisk fagskule i maskinteknikk.
Markeringa var staseleg med trerettars middag og triveleg stemning på Hammerstuene.
Indre Nordmøre opplæringskontor er eit fleirfagleg opplæringskontor med medlemsbedrifter i Surnadal, Rindal og Heim. Kontoret fungere som eit bindeledd mellom lærlingane, bedriftene og fylkeskommunen. https://www.visbrosjyre.no/Indre_Nordmore_Opplaeringskontor/MailView/
Nye fagarbeidarar 2022:
Allan Andreasson: Tømrerfaget, Nordmøre Museum avd Geitbåtmuseet
Jonathan Kalvik Gorton: Tømrerfaget, Nordmøre Museum, avd Geitbåtmuseet
Marius Skålvik Rønning: Tømrerfaget, Talgø Bygg AS
Per Karstein Reiten: Tømrerfaget, Br.Svendsen/ AS/Talgø
Tradbo AS/ Talgø Bygg AS
Kristian Vårvik: Tømrerfaget, Børset & Bjerkset Entreprenør AS
Thomas Grendstadbakk: Tømrerfaget, Børset & Bjerkset Entreprenør AS
Johanne Bøvra Skei: Helsearbeiderfaget, Surnadal kommune
Semhar Tesfay Weldu Helsearbeiderfaget Surnadal kommune
Wilde Wahl Berge: Helsearbeiderfaget, Surnadal kommune
Ingebrigt Flor: Barne-og ungdomsarbeiderfaget, Surnadal kommune
Anja Ranes: Barne-og ungdomsarbeiderfaget, Surnadal kommune
John Ola Tellesbø: Rørleggerfaget, Rørservice AS
Antonio Geilzakowski: Automatiseringsfaget, Pipelife AS
Steinar Berntsen: Produksjonsteknikkfaget, Pipelife AS
Johannes Otnes: Produksjonsteknikkfaget, Pipelife AS
Kent Marius Brill :Produksjonsteknikkfaget, Trollheim AS
Thomas Aune: Produksjonsteknikkfaget, Trollheim AS
Henning Krangnes: Produksjonsteknikkfaget, TalgøMøretre AS
Andreas Simensen: Industrimekanikerfaget, TalgøMøretre AS
Olaf Bruset: Industrimekanikerfaget, Vaagland Båtbyggeri AS
Tone Angelica Sandvik: Industrirørleggerfaget, Vaagland Båtbyggeri AS
Tore Bæverfjord: Anleggsmaskinmekanikerfaget, Truck og Maskin AS avd Sunndalsøra
Råg Rindal: El-og Motorsykkelfaget, Rindal Bil-og Landbruksenter
John Michael Kirkholt: Logistikkfaget, Rindalslist AS
Sondre Vangen: Anleggsmaskinførerfaget, Holte Maskin og Transport AS
Mathias Rognskog: Anleggsmaskinførerfaget, Rindal Maskin AS
Øyvind Hoset: CNC-maskineringsfaget, Sollid Mek.verksted AS
Kristian Ranes Wahl: Trelastfaget, Solem Sag AS
Vi gratulerer!