Fagbrevmarkering

10 nye fagarbeidere
Ferske fagarbeidarar. Frå venstre: Stian Svinsås, Edvin Romundstad, Odin Nes, Ola Nordvik, Thomas Nordvik, Frida Godø, Martinius Kvendset, Hidat Teklehimannot Kidane, Sara Aune Reiten og Erlend Sæthervik. (Dei andre var ikkje til stades)

Fjorårets nye fagarbeidarar blei gjort stas på med festmiddag på Hammerstuene

Indre Nordmøre Opplæringskontor inviterte torsdag 18. januar til treretters middag på Hammerstuene, for å feire dei nye fagarbeidarane i Surnadal, Rindal og Heim kommune. Det var 21 lærlingar som tok fagbrev og kompetansebevis i 2023.

Publisert Sist oppdatert

Viktig å behalde yrkesfagtilbodet!

Marit Drøpping, dagleg leiar i Indre Nordmøre Opplæringskontor, ønskte velkomen til feiringa av dei ferske fagarbeidarane. Både lærarar frå Surnadal vidaregåande skule, rettleiarar og leiarar frå lærebedriftene, leiinga i opplæringskontoret, tilsette i kommunane og ordførarane i Surnadal og Rindal kommune møtte opp for å feire.

Det er lang tradisjon med å ha fagbrevmarkeringa på Hammerstuene, og Marit sa ho var svært glad for at ungdommen tok seg tid til å delta. 

– De er utruleg viktige for lokalmiljøet! sa Marit Drøpping.

Ho understreka kor viktig det er å behalde skulen og yrkesfagtilbodet i kommunen, og at det er heilt nødvendig med eit breitt utval av yrkesretningar for å rekruttere arbeidskraft til næringslivet.  

– Det må vi fortsette å kjempe for, fortsette ho.

to ordførarar
Ordførarane i Surnadal og Rindal, Hugo Pedersen og Mildrid Kattem Aune, var glade for å bli invitert til fagbrevmarkeringa.

Stolte ordførarar

Ordførarane i Surnadal og Rindal kommune var til stades under fagbrevmarkeringa, og var svært glade for å bli invitert. Dei roste ungdommen som tek utdanning, og sa at det betyr mykje for kommunane. Dei la vekt på at dei som er nyutdanna er ein stor ressurs for arbeidsplassane med dei nye impulsane sine frå skulen og miljøa dei er i.

– All ære til dykk, eg er verkeleg stolt av dykk og gratulerer så mykje, sa Hugo Pedersen, ordførar i Surnadal.

Ordførar i Rindal, Mildrid Kattem Aune, sa tusen takk til lærebedriftene som tek i mot lærlingar, og til yrkesfagutdanninga som gjer lærlingane klare til å gå ut i arbeidslivet.

–De fagarbeidarar er gullet vårt! De er så ettertrakta og etterspurt. Fagutdanning er ein solid ballast å ha med seg, og det som er heilt sikkert er at de kjem til å få arbeid der dykk er, sa Aune.

Moglegheit for lærlingplassar på Hammerstuene

Drivar av Hammerstuene, Martha Torvik, ønskjer med tida å få til lærlingplassar hos dei, innanfor restaurant- og matfag. Ho ser behovet for yrkesfagutdanninga.

– Ingen er ferdigutdanna når dei er ferdige på skulen, ein må ut og halde på og få det inn i fingrane og tankesettet, sa Martha.

fire damer i svarte klær foran bardisk
Damene på Hammerstuene serverte festmåltid for dei nye fagarbeidarane. Frå venstre: Martha Torvik, Nina Torvik, Mariana Dizhak og Natalja Kosjanenko
to ordførere smiler og snakker stående
Mildrid Kattem Aune og Hugo Pedersen gratulerte dei nye fagarbeidarane og beskreiv kor viktige dei er for kommunane.
Kvinne får gavepose mens hun klemmer ordfører
Dei nye fagarbeidarane fekk utdelt gavepose frå Marit Drøpping og ordførarane.
dame leser frå ark
Marit Drøpping, dagleg leiar for Indre Nordmøre Opplæringskontor, skrytte av fagarbeidarane og snakka om kor viktig det er å bevare yrkesfagutdanninga i kommunen.
tre langbord med folk
Folksamt! Hammerstuene vart fylt opp med nye fagarbeidarar, lærarar, veiledarar og leiarar frå lærebedriftane, ordførarar og leiinga av opplæringskontoret.

21 nye fagarbeidarar

I 2023 blei det tatt fagbrev, svennebrev og kompetansebevis innafor faga rørleggar, helsefagarbeidar, tømrar, barne- og ungdomsarbeidar, el- og motorsykkel, produksjonsteknikk, industrimekanikar, sveisefaget og bilfag, tunge køyretøy. 

Vi gratulerer desse med fag- og svennebrev/kompetansebevis:

- Sara Aune Reiten: Rørleggerfaget, Surnadal varme & sanitær
- Nebiat Gebrab Habtemichael: Helsearbeiderfaget, Surnadal kommune
- Hidat Teklehimannot Kidane: Helsearbeiderfaget, Surnadal kommune
- Frida Godø: Helsearbeiderfaget, Surnadal kommune
- Lone Dalsegg Guttormsen: Helsearbeiderfaget, Rindal kommune
- Odin Nes: Tømrarfaget, HJH-bygg AS
- Ola Nordvik: Tømrarfaget, HJH-bygg AS
- Edvin Romundstad:, Tømrarfaget Tømrer Fugelsøy AS
- Christian G Forbregd: Tømrarfaget, B&B ent. AS
- Sefatullah Sidiqi: Tømrarfaget, B&B ent. AS
- Martinus Kvendset: Tømrarfaget, BKB Surnadal AS
- Thomas Nordvik: Tømrarfaget, BKB Surnadal AS
- Ole Karlstrøm Bjørnstad: Tømrarfaget, Børset Bygg AS
- Stian Svinsås: Tømrarfaget, Rindals-Tre AS
- Vegard Snekvik: Tømrarfaget, Kvatro AS
- Christel Elisabeth Bæverfjord: Barne-og ungdomsarbeiderafget, Bårdshaugen       barnehage
- Anders K. Moen: El-og motorsykkelfaget, Polaris Nordmøre AS
- Erlend Sæthervik: Produksjonsteknikkfaget, TalgøMøretre AS
- Sindre Humberset: Industrimekanikarfaget, TalgøMøretre AS
- Adam Kamsvåg Miloz: Sveisefaget, Vågland Båtbyggeri AS
- Hans Petter Solli: Bilfag, tunge køyretøy, Surnadal lastebilverksted

Powered by Labrador CMS