Halsa kyrkje 300 år

Jubilanten Halsa kyrkje er 300 år.

Historisk messedag

Halsa-kyrkja er 300 år. Gudstenesta 15. september blir ei brei historisk markering.

Publisert

Ein komite med Lars Indreiten i spissen har henta fram mange element som vil gjera fortida nær og synleg. Ein tenkjer seg da ein kyrkjedag tidleg på 1800-talet. 

Komiteleiar Lars Indreiten inviterer til historisk kyrkjedag i Halsa 15. september

Kyrkjebåt og karjol

- Kyrkjebåten Hjelmkonnå kjem med kyrkjefolk, prest og klokkar om bord, fortel komiteformannen. – Dette skal vise at Stangvik-prest Tønder og kyrkjesongar Stenersen frå Bøfjorden kom sjøvegen derifrå.

Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» gjorde også historisk tur til Stangvika pinsedag i 2010. Erik Blomstrøm (i gammal prestedrakt) er med i år som den gongen.

Frå ferjekaia får dei to staseleg skyss med Maren Sætervik Rognskog, som stiller med hest og karjol.

Med denne karjolen skal Maren Sætervik Rognskog skysse prest og kyrkjesongar frå båten til kyrkja

Einar i gapestokken

Ved kyrkjeveggen ventar eit merkeleg syn: Ein kar står fastsett i gapestokken for eitt eller anna gale han skal ha gjort. Denne rolla har Halsa-historikaren Einar Oterholm teke på seg, ja – han har endatil rekonstruert gapestokken som i si tid stod her! Og lensmannen, som passar på han, er nettopp ein pensjonist i det faget, Per Inge Vatten.

Tre mann står foran kirkevegg. To står med bøyd rygg.
Attmed kyrkjeveggen skal Einar Oterholm (i midta) settast i sjøllaga gapestokk. Lensmann Vatten (t.v.) og jubileumsleiar Indreiten ser til at det går rett for seg.

Blant alle frammøtte vil vi også finne soldatar frå det historiske Holtaalske Skiløberkompagni.

Messe med preg av 1800-talet

Messa inne i kyrkja er ei reell gudsteneste med mest muleg historisk preg. Folket finn plass i benkane – der det enno er dører som i gammal tid. Soldatane inntek gutelemmen, også kalla soldatlemmen. Syndaren frå gapestokken får også vera med inn, geleida av lensmannen.

Inngangskone og gamle salmar

Ei nybaka mor, «inngangskone», blir ført inn etter gammal liturgi. Konfirmantane får undervisning – under vaktsamt påsyn. Salmesong på gammelmåten blir leia av klokkaren, sjølsagt utan instrument, og presten nyttar i stor grad ledd frå eldre tid. Likevel er både preike, takkoffer og nattverd på plass - som i vår tid. 

Kyrkjebakken

Etter gudstenesta er det samling på kyrkjebakken, der lensmannen les opp viktige kunngjeringar og folk talast med om laust og fast. Einar er på ny fastgjørd i gapestokken. Men han blir neppe utsett for den sjikanen som slike «syndarar» opplevde før i tida.

Samling i Stornaustet

Så blir det samling i Stornaustet. – Her serverer Halsa Sanitetsforening kyrkjekaffe, og her blir også historia gjort levande, seier komiteleiar Lars Indreiten. - Skiløparkompaniet har ein kort «Exercis», og leiaren orienterer om historia bak denne gruppa.

Elles tek sokneprest Bertel Aasen tilbakeblikk på den gamle liturgien og prakisisen med «Mødres Kirkegang». Lokalhistorikar Einar Oterholm orienterer om gapestokken og anna frå gammel tid. Boka hans om Halsa kyrkje blir å få kjøpt. Bernt Bøe gir glimt av kyrkjesongens varierte og pussige historie.

Alt i alt er tanken at dagen skal gi høve til å oppleva historia åt 300-årsjubilanten Halsa kyrkje på ein sjeldan autentisk måte.

Aktørar på synfaring i kyrkja. Frå venstre Lars Indreiten (leiar), Bernt Bøe («kyrkjesongar»), Bertel Aasen (prest), Per Inge Vatten («lensmann») og Einar Oterholm (historikar).

 

Powered by Labrador CMS