ANNONSE:

blonster ute med hus i bakgrunnen
Plantelopper på rekke og rad.

Planteloppemarked og ope museum på Åsen

Laurdag 8. juni inviterer Surnadal Hagelag og Nordmørsmusea igjen til planteloppemarked i tunet på Åsen bygdemuseum, med påfølgande kaffeservering og opne museumsutstillingar.

Loppemarkedet startar kl. 13.00.
NB! Betaling med VIPPS eller kontant.

Har du overskuddsplanter frå hagen din som du vil gi til loppemarkedet, til dømes stauder, buskar, løkar eller stiklingar av ulike slag kan du levere dette på Åsen same dag før kl. 13.00, eller etter avtale med hagelaget på førehand. Inntekt av plantesal og kaffesal går til Surnadal Hagelag.

Frå kl. 13.00 til kl. 15.00 vil det vere opne museumsutstillingar.

Ta turen innom og sikre deg nokre godbitar til hagen og ei triveleg stund på museet!

Besøksadresse:
Åsen bygdemuseum
Østbødalsvegen 53
6650 Surnadal

Powered by Labrador CMS