Gudstjeneste:

En kvinne holder en illustrajon i en kirke
Bodil Kvam Aasbø vil orientere om barnearbeidet Amigos. Her frå ein bibeltime på bedehuset Betania under bispevisitasen i oktober 2022.

Misjonsprega søndag

Publisert Sist oppdatert

Misjon vil prege gudstenestene komande søndag – Treeiningssøndagen. I Åsskard vil Normisjon og barnearbeidet Amigos stå i fokus.

Sjølv med få misjonsforeiningar er det stort engasjement i bygdene våre for dagens bibelord om å gjera alle til læresveinar – med forkynning og opplæring. – No er «festhalvåret» slutt, evangeliet er presentert og det er opp til den einskilde og kyrkjelydane å vekse i tru, von og kjærleik, seier prest Torbjørn Brøske i sin invitasjon til denne gudstenesta.

En prest i hvit skjortel med grønt rundt halsen og kors holder preken
Torbjørn Brøske er søndagens prest.

Sidan misjonspåbodet er sentralt tema, vil preika i Åsskard munne ut i samtale med Bodil Kvam Aasbø, som leier det kristelege barne- og ungdomsarbeidet Amigos i regi av Normisjon. Dagens takkoffer går også til denne organisasjonen.

Elles er det felles nattverd, mange misjonssongar på tavla og kanskje innslag ved ei korgruppe. Etterpå inviterer soknerådet som vanleg til saft og kaffe med høve til hyggeleg prat i Kyrkjestua.

En blå plakat for gudstjenesten
Powered by Labrador CMS