Ungdommeleg i kyrkja
Det var ungt preg over søndagens gudstenester i Todalen og Stangvik kyrkjer.
Rett nok var oppmøtet begge stader påverka av at aktiviteter for barn somtid kan kollidere. Men 4H prega hausttakkefesten i Todalen, og 4- og 6-åringar var sentrale aktørar i Stangvik.
4H-gruppa «Start» pynta Todalskyrkja med frukt og grønt – til og med sjøldyrka mais! To jenter fortalte kyrkjelyden om arbeidet i gruppa si.
I Stangvik blir det hausttakkefest om to veker. Her var det denne gong utdeling 4- og 6-årsbok og både andakt og bevegelsessongar knytt til dette.
Trusopplærar Elsa Jensvold samarbeidde med fungerande sokneprest Torbjørn Brøske om liturgi og forkynning på begge desse samlingane. Som preike fortalte ho og illustrerte bibelforteljinga om korleis Jesus tok - og tek - imot små og store, sjøl når somme «kloke» ikkje tykkjer at det passar seg.
Mange aktørar, som denne dagen, skaper livlege gudstenester. Reknar vi med 4H-jentene i Todalen og dei yngste som hjelpte Elsa med flanellografen i Stangvik, var det til saman rundt tjue bidragsytarar med – attåt dei i kyrkjebenkene.
Det er trusopplæringa, med bokutdeling, kyrkjekveldar og andre tiltak som opnar for ungdommeleg aktivitet slik som denne helga.
Måndag er det Barnas Kyrkjekveld i Åsskard – med oppfølgjing på neste søndags gudsteneste.