Dåpsgudsteneste i Øvre Rindal kapell

dåpsfølget med prest
Eline Lomundal Rye med foreldre og fadrar

Tre dåpsbarn i Øvre Rindal kapell

Denne søndagen var det stort frammøte i Øvre Rindal kapell. Tre barn, der to var tvillingar, vart bore til dåpen, og Lene prest preika om sauer, markedsføring om om å høre og å kjenne att Jesu stemme.

Dåpsfølget med prest
Tvillingane Athena og Elliot Kousis-Furuhaug med foreldre og fadrar, besteforeldre
Elsa Jensvold leda salmen med bevegelser
Trusopplærar Elsa Jensvold leda salmen På Golgata stod det et kors og prøvde å få menigheta med på bevegelser. Det tok ikkje heilt av.

.

dåpsbarn med gresk flagg
Nydøpte Athena i pappa sine armar får det greske flagget av morfar

Lene prest har ordet

Sauer er spesielt vare for stemmar: Dei lyer ikkje andre gjetarar enn henne dei kjenner på stemmen. Når Jesus kallar seg sjølv for den gode gjetaren, ligg det i dagen at han har ein stemme det er vel verd å høyre på. Alt Jesus har å formidle, både gjennom det han seier og det han gjer for oss, seier sitt om at han er vel verd å lytte til. Slik vart preika i kapellet:

Joh.10,1-10.

«Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene. Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut. Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans.

Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.»

Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.

Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene. Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.

 

Kom hit og et! Me kan skilte med fem, ti eller tusen stjerner! Me er så mykje betre på både mat, service, pris og kvalitet enn alle andre!

Stem på oss! Får me makta, så skal alt bli så mykje betre. Skatten går like langt ned i kjeldaren som rikdommen din går til himmels. Og maken til velferd som me kan bidra med, har ingen sett før. Stem på oss!

Og kjøp varene våre! Mykje betre, bellegare og meir bærekraftig enn nokon andre kan by på – om du så skal ha brunost eller leiketraktor, PC eller fjelltelt.

Søk på vårt studium. Ta arbeid hjå oss. Kjøp tomt og hus her. Ferier her. Og bli gjerne forelska i meg.

All markedsføring handlar om å få folk til å tru at det nye er betre enn det gamle – om det handlar om endå fleire ting, politisk makt, feriemål, yrkesvegar, bustadar eller kjærastar.

Og kva gjer Jesus i denne forteljinga me har høyrt, anna enn å lata oss høyre at han er best?!

Alle som har kome før meg er tjuvar, røvarar og endå til mordarar, seier han. Altså: Jesus byr på seg sjølv ved å rakke ned på konkurrentane.

Det er så gjennomsiktig – eller transperent, som me helst seier no. Det er så tydeleg, så etterrettleg, så sant.

Hadde ein middelmådig politikar gjort det på same måten, ville det ha tent til lita ære. Les skam. Og som kjent er det nokon av den sorten som ikkje eig skam, men dei skal me ikkje vie oppmerksomheit her.

For her er det Jesus som teller. Og han seier at ingen andre gjetarar kan overgå han. Ingen andre vil så vel. Ingen andre er heller så kjent av flokken han skal gjete.

Og her er me midt i kjerna – bokstaveleg talt midt i vår eigen innmark: Kjenner me gjetaren vår? Kjenner me han på stemmen, på ganglaget, på den gamle kjeledressen, på lukta … eller kva det no er som gjer at sauer kjenner att den skikkelsen dei er vane med å få mat og stell hjå.

Når Jesus snakkar om gjetaren, så snakkar han om stemmen. Kor viktig stemmen er for at han skal bli kjent att. Tjuvar og røvarar som berre kjem for å stela, drepa og øydeleggja, dei har ikkje nokon kjent stemme. Og dermed flykter sauene unna.

Me høyrer så mange stemmar gjennom livet – faktisk lenge før me er født.

Det er så mange stemmar som vil ha vår stemme, vår oppmerksomheit, pengane våre og gjerne hjarta vårt også. Slik må det vera om livet skal gå vidare, - det trengst omsetning, handel, politikk og forelskelse.

Men skal livet bli vidare så horisontane opnar seg, må me ut over begrensningane sett av det materielle og forgjengelege, ut over dette dødelege.

Ingen andre enn Jesus, som sjølv er den gode gjetaren, kan bringe oss dit – eller bringe dei nye horisontane til oss. Det var difor han kom – det er som han sjølv seier det: For at me skal ha liv og overflod.

Og dette livet og denne overfloden ligg i Jesu stemme.

Me har høyrt Jesu stemme gjennom gudstenesta, - korleis han seier at dei små borna skal koma til han utan hindring. Korleis han seier at han har fått all makt i himmelen og på jorda og at me difor skal gå ut og gjera alle folkeslag til disiplar gjennom å døype og lære.

Og fyrst av alt må me lære oss til å høyre så me høyrer etter den gode stemmen, stemmen til han som vil oss vel, stemmen til han som talar til oss om dei evige verdiane og kjærleiken som er sterkare enn døden.

Om den kjærleken talar Jesus med sin eigen kropp: Han var død, men sjå, han lever.

Altertavla i kapellet med tre dåpslys
Det er sjeldan at det er tre dåpslys på alteret
Powered by Labrador CMS