Preken og dåp 25. juni 2023:
Stengt inne i pengebingen
Sogneprest i Rindal Lene Gåsvatn har sendt oss sin preken fra gudtjenesten i Rindal kirke søndag 25. juni.
På Jesu tid var det ein ung mann som hadde det slik. Jesus får han kjær, og ser at all rikdomen kjem i vegen for eit intenst ynskje om å arve Guds rike. Historia munnar ut i biletet om kamelen og nålauget. Når Jesus seier at alt er mogeleg for Gud, må det uansett vera håp.
Prekenen
Rindal krk. 25.06.23. Markus 10, 17-27
Jesus og den rike mannen 17 Da Jesus skulle dra videre, kom en mann løpende, falt på kne for ham og spurte: «Gode mester, hva skal jeg gjøre for å arve evig liv?» 18 Men Jesus sa til ham: «Hvorfor kaller du meg god? Ingen er god uten én – det er Gud! 19 Du kjenner budene: Du skal ikke slå i hjel, du skal ikke bryte ekteskapet, du skal ikke stjele, du skal ikke vitne falskt, du skal ikke bedra noen, hedre din far og din mor.» 20 Han svarte: «Mester, alt dette har jeg holdt fra jeg var ung.» 21 Jesus så på ham og fikk ham kjær og sa: «Én ting mangler du: Gå bort og selg alt du eier, og gi det til de fattige. Da skal du få en skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 22 Men han ble nedslått over dette svaret og gikk bedrøvet bort, for han eide mye. 23 Og Jesus så seg omkring og sa til disiplene: «Hvor vanskelig det blir for dem som eier mye, å komme inn i Guds rike!» 24 Disiplene ble forferdet over ordene hans. Men Jesus tok igjen til orde og sa: «Barn, hvor vanskelig det er *for dem som stoler på rikdom,• å komme inn i Guds rike. 25 Det er lettere for en kamel å gå gjennom et nåløye enn for en rik å komme inn i Guds rike.» 26 Da ble de enda mer forskrekket og sa til hverandre: «Hvem kan da bli frelst?» 27 Jesus så på dem og sa: «For mennesker er det umulig, men ikke for Gud. Alt er mulig for Gud.»
Skal tru om det er nokon born her som har spurt mamma eller pappa eller bestefar eller bestemor om kor mykje pengar dei har? Kor rike er de?
Kanskje har de spurt. Og kanskje har de fått svar også om at gjelda er større enn bankkontoen. Det går i minus for dei fleste av oss så lenge hus og bil og traktor og kredittkort-gjelda ikkje er nedbetalt.
Men det går bra likevel, så lenge me veit at me går i pluss hvis me skulle selja alt me har skaffa oss. Sjølv om ingen av oss har nokon pengebinge.
Kor rik er du?
Hvis du er liten og spør, trur eg ganske bestemt at både mamma og pappa og bestemor og bestefar vil seia at «eg er verdens rikaste menneske som har deg i livet mitt». Du, barnet mitt, er meir dyrebar enn noko anna. Du er det beste eg har fått. Du er den største. Eg elskar deg like til himmels og heim.
Fordi eit barn er det største og finaste nokon kan få. Born er verkeleg ei gåve. Born er herlege. Born gjer at livet blir heilt forskjellig ifrå før.
Og så er det så fint at borna våre gjer oss rike uansett om me har pengebinge eller ikkje. Der er det ingen forskjell.
Me har høyrt historia om ein ung mann som gjerne vil ha alt. Han vil ha alle tinga sine – og ting har han meir enn nok av, sidan han er svært rik.
Men han vil ha meir enn tinga sine også: Han vil vita noko om korleis han kan arve Guds rike.
Han vil altså ha tinga sine her. Og så veit han at han kan ikkje ta med nokon verdens ting inn i Guds rike. Men han får beskjed om kva som skal til for å koma seg dit: Selg alt du eig og gje pengane til dei fattige. Så skal det bli råd for deg.
Tinga mine. Eller Guds rike. Anten eller. Det vart ei trist historie. Jesus vart glad i denne unge mannen og ville gjerne gjera livet hans optimalt bra.
Men den unge mannen er så glad i tinga sine at han klarer berre ikkje tanken på å skulle selja alt og gje pengane til dei fattige. Han vil ha alt sjølv. Og går bort. Skikkeleg lei seg.
Kor rik er Gud?
Spørsmålet kan synast dumt. Gud har skapt alt, alle verdiar og alle ressursar – og så har han sett oss menneske til å passe på jorda og dele goda mellom oss. Det klarer me berre slik passeleg.
Men også Gud vart pappa ein gong på ein spesiell måte. Også Gud fekk ein gut som betydde noko heilt spesielt for han – ein gut som gjorde at Gud følte seg veldig rik.
Og denne guten, det finaste han hadde, gav Gud bort til oss menneske for at me skulle kunne bli Guds ungar på akkurat same måte som Jesus er det.
Borna er mamma og pappas, bestemor og bestefars, tante og onkels største rikdom. Fantastisk fint at det er slik!
Og me alle, uansett om me er små eller store, gamle eller unge, er på kvar vår måte Guds store rikdom. Me har ein heilt spesiell plass i Guds hjarte fordi me er ungane hans.
Så får det våge seg at det er vanskelegare for ein kamel å tre seg gjennom eit nålauge enn det er for ein velståande å koma inn i Guds rike.
Dei undast over dette når Jesus gjekk her også, og spurte «Kven kan då bli frelst?»
Og Jesus veit svar: For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud. Alt er mogeleg for Gud.
Gud klarte å finne ein veg til oss. Den vegen går gjennom å gje bort den einaste guten han hadde. Det var mogeleg for han. Og då må det også vera mogeleg for oss å finne svaret på dette livets store spørsmå: Kva skal eg gjera for å arve evig liv?
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve. Amen.
Dåp