Rindal kyrkje:

Lene Gåsvatn på prekestolen i Øvre Rindal kapell
Sokneprest Lene Gåsvatn på prekestolen i Øvre Rindal kapell

Preike 27.05.23. Konfirmasjon. Matteus 6.

Publisert Sist oppdatert

Lene Gåsvatn har sendt oss prekenen fra søndagens gudstjeneste i Rindal Kirke.
Fadervår er utgangspunktet for prekenen.
Les den her:

Når dere ber, skal dere ikke ramse opp ord slik hedningene gjør; de tror de blir bønnhørt ved å bruke mange ord. Vær ikke lik dem! For dere har en Far som vet hva dere trenger, før dere ber ham om det. Slik skal dere da be: Vår Far i himmelen! La navnet ditt helliges. La riket ditt komme. La viljen din skje på jorden slik som i himmelen. Gi oss i dag vårt daglige brød, og tilgi oss vår skyld, slik også vi tilgir våre skyldnere. Og la oss ikke komme i fristelse, men frels oss fra det onde. For riket er ditt og makten og æren i evighet.
Amen.

Kva er det typiske ved å vera rindaling?

Veit de – det trur eg er frykta for folkesnakket. Det er det verste som kan skje for mange.

Og så erfarer, i alle fall eg, at det meste som blir servert av folkesnakk av dei fleste og om dei fleste, slett ikkje er korkje vondt sagt eller vondt meint.

Det er mykje god vilje, altså velvilje, blant folk. Ikkje minst kjem velvilja fram i dette rindalingar flest er så livane redde for: Folkesnakket.

Redselen for kva anna folk tenkjer, og ikkje minst kva dei seier om oss, den stikk djupt. Og den er slett ikkje nymotens, heller. Disiplane som gjekk i helane på Jesus hadde det også slik. I sin iver etter å gjera alt optimalt rett, helt riktig, spør dei korleis dei skal be. Korleis skulle det gjerast, liksom?

Og dei får svar på tiltale. Eit svar som er så gjennomtenkt godt at det er både bruka og brukbart i generasjon etter generasjon.

Dei får høyre sitt Fadervår for fyrste gong. Vær så god. Slik skal de be. Og deretter har folk over heile jorda til alle tider bedt sitt Fadervår. Denne bøne som rommer alt me har – og alt andre har.

No går det ikkje lengre på redsle for folkesnakk og det som verre er. Det blir snudd tvert om til noko større, eit heile, eit fellesskap av folk som ber med same innstilling, same språk, same draumar om at noko større enn det me buttar imot av begrensningar:

Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje – at tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springa – at draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.

Skal tru om denne draumen som Olav H. Hauge skreiv om blir oppfylt i våre Fadervår?

Når Guds namn blir halde hellig, så er det ingen som blir krenka. Når Guds namn blir halde hellig, så ser me det store i kvarandre, det ukrenkelege, det Gud-villa, det som er elska av Gud.

Og me ser Gud som Herren i livet vårt.

Han som er Far vår, beskyttaren vår, han som berre vil vel og som brukar tid og ressursar på å halde sine usynlege hender rundt oss, rundt våre skjøre, små tankar om oss sjølve, rundt angsten og uroa vår, rundt framtida me på kvar vår måte har det med å gru-glede oss til.

Blir Guds namn halde hellig mellom oss, beheld me respekten. Ærefrykta. Me skjønar at det er forskjell på oss – på Gud og oss. Og me skjønar kven som er avhengig av kven - .

Når kjem Guds rike? Guds rike kjem når namnet hans blir halde hellig. Når Guds ande får gjennomsyre både tankane me har om oss sjølve og om kvarandre.

Når me tenkjer stort om Gud og stort om livet kvar enkelt av oss har fått. Då kjem Guds rike.

Og samtidig, og dette er eit paradoks: Guds rike blir aldri så stort at det ikkje får plass i ei lita tru. Nyleg vart det avduka ein statue utanfor domkyrkja på Hamar. Ei statue av ei lita og litt unseleg dame som fekk bety mykje for mange: Rosemarie Køhn. Eg gjer henne evig rett i orda hennar som er prega inn på sokkelen:

Ingen tro er for liten. Ingen tro er for liten. Er det ikkje fint? Eit lite fnugg av ei tru kan vera stor nok til å romme heile Guds rike.

Gje oss i dag vårt daglege brød. Og me kan spørja tilbake: Har me meir enn me har fått? Gjorde me oss fortent til å få ei jord å forvalte – og korleis gjorde me det når pengar og profitt fekk drive vilja meir enn erkjennelsen av at me treng mat og matjord? Det KAN vera det er ein samanheng mellom å takke Gud for vårt daglege brød og evna til å forvalte jorda me lever på. Det kan vera. Og uansett skadar det ikkje om me et brødet vårt med takk.

Når er me størst? Er det når me hardnakka står på vårt, eller er det når me inrømmer at me gjer feil og handlar deretter?

Eit klokt menneske har sagt at folk blir aldri større enn når dei kneler.

Menneske blir aldri større enn når dei kneler. For desse har skjønt det: Det er noko som er større enn meg.

For mange år sidan var eg utanlands og såg noko som gjorde veldig inntrykk på meg. To av desse me kallar for «våre nye landsmenn» hadde bønestunda si i ein slags park utanfor London zoo. Midt på dagen. Midt i glaninga. Utan skam eller blygsel. Fordi ei av dagens fem bønetider hadde kome.

Eg har trua på å vera open for korleis andre tenkjer – også korleis dei tenkjer om Gud. Mykje av det muslimane står for, tek eg avstand ifrå.

Men sjå på bønelivet deira – der har me alle mykje å lære så me tek etter dei.

Mennesket er aldri større enn når det kneler. Og kva gjer muslimane? Dei ber fem gonger dagleg. Om dei gjer det som ei sur plikt eller stor glede skal vera usagt, men uansett gjerd ei det. Og dei gjer det fysisk: Ned på kne, baken opp og panna i bakken i retning mot Mekka.

Ein ting er at det er bra for kropp og lemmer, blodomløp, knoklar og musklar. Slik yoga også er.

Men kva gjer dette å bøye seg for Gud med psyken, med sjela, med tankane, med livsinnstillinga? Der skjer det større ting enn eg klarer å setja ord på.

Det er neppe synd å kalle ein slik praksis med regelmessig bøn der mennesket bokstaveleg talt bøyer seg mot jorda for både sunn og lærerik – ut over det me forstår med intellektet.

Med kunnskap er det slik at me må tileigne oss ganske mykje av det før me forstår at eigentleg har me skjønt ganske lite. Slik er det også med Guds rike – dette Jesus har lært oss å be om at skal koma.

Men det er også dette som gjer heile prosjektet livet vårt i Guds rike så interessant: Mens ingen tru er for lita, så er havet av kunnskap å tileigne seg som eit evigheitsprosjekt å rekne.

Det er berre å lata det stå til og gå inn i framtida som ligg føre oss – og gjera det med nysgjerrigheit og vitebegjær. Og praksisen vår må gjerne bli at me går på kne for Gud når me ber om det me treng: Nåde og velsignelse, dagleg brød og framtid.

Men me MÅ ikkje rulle ut matta vår på Rindalstorget når me ber – det går nok heilt fint om me gjer det når me er for oss sjølve heime. Det var som kjent noko med folkesnakket -

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.
Amen.

Powered by Labrador CMS