Rindal kyrkje:

En kvinne kledd i rosa taler i kirka
Lene Gåsvatn (Bilde tatt ved ein tidligare anledning)

Preika i Rindalskyrkja sundag

Lene Gåsvatn har sendt inn sundagens preken fra Rindal kyrkje.

Publisert Sist oppdatert

Vera eit kors eller bera det.

Å bli kalt for eit kors er svært stigmatiserande. Dette å vera eit kors er likt med å vera både dryg og det som verre er. Å bera eit kors er noko heilt anna. Og like fullt står det eine i samanheng med det andre. Slik vart det forkynt i Rindalskyrkja sundag 16. juni:

Å følgja Jesus. Matteus 16,24-27

Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.

Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva skal eit menneske gje til vederlag for si sjel?

For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.

Slik lyder det heilage evangeliet.

Så klårt kan det seiast: Av alt som er verdfullt her i verda, står ei enkelt sjel fyrst. Ei einaste sjel er meir verd enn heile verda. Ei einaste sjel med den same livspust og den same ande som Gud gav den fyrste gongen han bles livspusten inn i mennesket. Med livspusten frå Gud vart mennesket til ei levande sjel. Og denne levande sjela er meir verdfullt enn alt anna i heile verda.

Går me gatelangs i ein stor by, kjem fort tanken på kor mykje dette kan vera verd. Dess større byen er, dess meir prangande bygningar, dess meir kostbare tomter, dess større verdi. Kor mykje er det verd, alt dette me kan sjå frå Eiffeltårnet, frå London eye eller det høgaste bygget i New York? Ufattelege summar, langt over vår forstand.

Og denne vår forstand har me berre godt av å butte imot av og til. Ikkje minst for å forstå at den er begrensa. Svært begrensa.

Korleis skal det då gå når me speilvender det me fekk av gangsyn og skal vurdere verdien av det me sjølve fekk av sjel? Den er altså meir verd enn alt me kan sjå av både menneske- og gudskapt. Og ikkje minst alt me korkje kan sjå eller berekne verdien av.

Verdien av uendeleg ligg utanfor vår forstand. Og like fullt er me akkurat der med vår eigen, gudsgjevne, levande sjel. Og denne vår eigen, gudsgjevne sjel kan mistast. Verdiane kan renne bort mellom alt dette me lurer oss sjølve til å ansjå som viktig her i livet. Det me brukar tid og oppmerksomheit på. Det me brukar pengar på. Det me anser for å ha status. Alt dette som i bunn og grunn handlar om noko like fåfengt som jag etter vinden. Igrunn lite verdifullt, når alt kjem til alt og summen skal setjast.

Jesus forespeilar folk at dei kan tape sjela. Miste dette mest verdfulle som finst i heile verda. Og dermed gjev han oss også eit peikepinn på kva det er viktig for oss å bruke tid og krefter på.

Kanskje er ikkje desse «verdiane» som kan målast i kroner og øre, informasjon og kunnskap, stilling og status så viktige likevel? Kan det vera at dette me anser som godt og verd å streva etter i bunn og grunn er det godes verste fiende?

Orda vippar på spissen av alt når Jesus talar om å vinne og tape livet – for hans skuld. Når Jesus talar om å bera korset og fylgja han.

Eg veit ikkje nok om bevisstheitsnivået i Jesu samtid til å kunne seia så mykje om korleis orda om å bera korset sitt traff dei som høyrde det. Men me kjenner til kva det betyr – me veit det vel helst alt for godt. Dette evige motivet for kyrkjekunst og meditasjon, hån og håp. Der han heng for å sone og forsone. Og så seier han at hvis nokon vil fylgja etter han, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin sin opp og følgja han.

Og så vidare til når Menneskesonen kjem att i herlegdom og skal løna kvar og ein etter det han har gjort.

I dette tidsspennet lever me også. Kva gjer me så ut av det? Korleis vart det me forvalta vår sjels evige, uendelege verdi?

Skal eg svare for meg sjølv, er det berre å inrømme at det er ikkje rare greiene. Og eg skal ikkje prøve meg på ein eksegetisk salto for å koma unna problematikken heller.

Det blir heller så eg ender opp med litt betraktningar rundt dette å vera eit kors contra dette å bera eit kors.

Det å vera eit kors, det er å representere ein belastning. Igrunn er det ganske stigmatiserande å seia til eller om nokon at dei er eit kors. Då er det underforstått at det er ein ganske slitsam person, også kalt gnagsår, narsist, sjølvoppteken egoist eller det som verre er. Slik det så lett blir mellom oss syndarar.

Det å bera eit kors, derimot, det må vera det optimale av all sjølvoppofrelse. Eg vil tru det er umenneskeleg både med hensyn til lidelse og kjærleik i dette som blir kalla innsats for andre. Eller overmenneskeleg. Guddommeleg. Endå meir uforståeleg enn spekulasjonane rundt verdien av ei sjel.

Jesu kors er det ingen av oss som er i stand til å bera. Det var neppe meininga heller. Så får det våge seg at me blir som eit kors å betrakte for han som bèr oss. Bèr oss med seg opp på sitt eige kors og kjenner at seg sjølv i oss når han kjem i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.

Kva skal så løna vår bli? Lønsforhandlingar ligg langt utanfor Guds rikes verden, Guds rike verden. Men me har ein peikepinn gjennom det som er sagt om verdien av ei sjel. Og då ser me det: Løna er så mykje større enn fortent. Og dess mindre me fortener, dess meir er det å få hjå han som frelser av nåde og kallar det heile for ei Guds gåve.

Powered by Labrador CMS