Hausttakkefest i Åsskard kyrkje

8 damer oppstilt med frukt og grønnsaker i ei kirke.
Åsskard Bygdekvinnelag viste – og serverte – markens grøde. Frå venstre Johanne Holten, Gunda Bele, Gunhild Bøklep Bøe, Kari Sæther, Randi Bøe, Inger Lise Heggem, Torbjørg Settem og Allis Bæverfjord.

Tema: Takk!

Det lille ordet «Takk» var tråden gjennom søndagens gudsteneste i Åsskard.

Publisert

Hausttakkefesten i ei vakkert pynta kyrkje starta med jubeltonar og to barnedåp. Vesle Ingrid og Julian vart nye medlemmar i sine respektive menigheter. Den store oppslutninga frå familiane var med og fylte benkane.

Barnedåp i ei kirke.
Julian blir døypt.
Barnedåp i ei kirke.
Ingrid blir døypt.

Nye konfirmantar

Presentasjonen av åtte nye konfirmantar sette også preg på dagen. Ada, Elida, Emilie, May Hilde, Solvor, Syver, Levion og Varg vil vera i folkets omtanke og vil bidra aktivt til levande gudstenester i tida framover. Attåt desse blir Bastian (busett i Asker) konfirmert i Åsskard til våren. Kvar av desse ni vart løfta fram i forbøna og vart helsa av dagens korgruppe med Bjerkrheim-songen «Gud har ein plan med ditt liv.»

Viktig og rett

I preika framheva prost Vidar Rygh kor viktig og rett det er å takke i alle livets samanhengar. Bibeltekstene understreka det same, spontant oppfølgd av salmar som «O store Gud», «Nå la oss takke Gud» og «O Jesus, åpne du mitt øye»,

Akkompagnert av orgelstykket «Bruremarsj på Innlandet» gav forsamlinga sitt takkoffer - denne gong til «Redd Barna».

Lokale ressursar i kyrkja

Etter nattverd og sluttsalme vart det servert kaffe med tilbehør i Kyrkjestua. Både kyrkjekaffen og den flotte pyntinga med frukt, grønt, blomster og vakkert haustlauv var det kyrkja sin trufaste støttespelar Åsskard Bygdekvinnelag som stod for. Så fin dekorasjon ser ein sjeldan i andre kyrkjer.

På denne og andre måtar har bygdekvinnelaget i alle år vist eksemplarisk utslag av frivillighet i kyrkja. Dette viser at menighetene har store ressursar som kanskje ikkje slepp til ofte nok - i gudstenester og andre samanhengar. Som ein medlem av Todalen sokneråd sa ein gong: - Bruk oss. Om ikkje alle er andaktshaldarar, vil vi gjerne bidra i kyrkja med det andre vi kan!

Dagens kyrkjetenar var Tor Rune Halset – med assistanse av Kay Arne Svensli. Det vart sørga for streaming av hauttakkefesten i Åsskard på youtube-nettet.

 

En vase med blomster i ei kirke.
Rognbærkvister, grønnsaker, syltetøykrukker osv i midtgangen i ei kirke.
Rognbærkvister foran alteret i ei kirke.
Powered by Labrador CMS