Flere ungdommer og en prest i koret i ei kirke.

Fin stund i Øye kyrkje

Publisert

Sist søndag var det overhøyringsgudsteneste i Øye kyrkje. Her skulle årets konfirmantar vise fram kva dei hadde arbeidd med og lært dei månadane dei har gått for presten.

Innramma av friske salmetonar, delte dei unge eigne tankar og refleksjonar om tru, liv og død. Dei var mellom anna innom sentrale emne som Dei ti boda, Gud og Jesus Kristus, hans død og oppstode tredje dagen. Dette vart også formidla gjennom lysbilete og den store krossen som var plassert sentralt framme i kyrkja.

Ungdommane reflekterte vidare over kva konfirmsjonstida har betydd for trua deira.

Vi skjønar at det ligg mykje arbeid og omtanke bak ein slik presentasjon, sjølvsagt frå prest og trusopplærar, og konfirmantane sjølve gjorde i alle fall sin del veldig bra. Takk til alle som deltok!

Det var og fint å sjå at så mange foreldre og føresette var til stades, dei kan vere stolte av borna sine.

Så får vi håpa at heile konfirmasjonstida har vore ei god oppleving for dei unge. Til lukke, alle saman!

Ungdommer som framfører et 'skuespill' framme i kirka.
En skjerm som viser tre personer som er kled di gammeldagse klær.
Powered by Labrador CMS