Åsskard søndag:

Dåp med noko attåt
Mykje skjer i Åsskard-kyrkja denne søndagen. To små skal døypast. Amigos-jenter deltek, og 6-åringane får «Mi Kyrkjebok».
Opplegget heiter «Gudsteneste for små og store» - eit ofte bruka alternativ til den vanlege liturgien. Bortsett frå annan melodi til «Kyrie» og salmen «Måne og sol» som lovsongsledd er det meste lett gjenkjenneleg. Nattverd hører med.
Som ledd i lovpålagt trusopplæring deler soknet ut «Mi Kyrkjebok» til sine 4-åringar om hausten og til 6-åringane i vårhalvåret. Onsdag leia kyrkjelydspedagog Maria Fiske Eliassen samlinga Barnas Kyrkjekveld – der ein blant anna førebudde denne bokutdelinga.
Barnegruppa Amigos i Bøfjorden er mottakar av søndagen takkoffer. Nokre frå gruppa deltek også med song, og leiaren Bodil Kvam Aasbø er pianist i denne gudstenesta. Kanskje får ho hjelp av forsongarar på galleriet og.
Sokneprest Pål Arne Winsnes er liturg, Randi Bøe klokkar, Anne Hjørdis Telstad kyrkjetenar og soknerådets Eva Jorid Svendsen og Grete Krogstadnes vertskap og kaffeservitørar.
ANNONSE:
