Gripande kveld ilag med konfirmantane
Konfirmasjonen nærmar seg, og før sjølve dagen er konfirmantane samla til samtalegudsteneste, der dei har sentrale oppgåver. Tysdag 18. april var konfirmantane i Åsskard, Todalen og Stangvik samla til gudsteneste i Åsskard kyrkje, og dei som var der, fekk ei fin oppleving!
Konfirmantane si framføring av SJU AKTER FRÅ JESU LIV, var hovedbolken i gudstenesta, der konfirmantane i sine kvite kapper isenesatte med enkle rekvisita livet til Jesus; frå Maria fekk beskjed frå engelen om å bli mor - til Jesus sto opp frå dei døde! Vi fekk oppleve Jesus som 12- åring i tempelet, Den bortkomne sonen, Jesu møte med Sakkeus, Det siste måltidet skjærtorsdag, Krossfestinga og Oppstoda!
Torbjørn Brøske heldt andakt der han framheva Jesu sin måte å møte folket på.
Gudstenesta var regissert og gjennomført av prest Torbjørn Brøske, organist Bernt G. Bøe og klokkar Randi Vetleseter Bøe. Kvelden vart avslutta med servering i kyrkjestova der Kari Årnes og Inger Lise Heggem, som så ofte før, hadde ordna med kyrkjekaffe!
Takk for ein givande og triveleg kveld!