Gudsteneste med dåp i Rindal kirke
Foreldrerollen, tilgjeving og nåde var tema i preika
Barnedåpen er først i gudstenesta. Den pyntar opp med festkledde folk, gjerne i bunadar. Denne søndagen vart preika til Lene prest ei oppfølging av barnedåpen, men også tett knytta til dagens preiketekst.
Slik var preika til Lene prest 3. søndag i openberringstida
Evangelietekst Johannes 1,15–18:
Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.»
Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde. For lova vart gjeven ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Gud, som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er.
Eg kan ikkje fri meg frå tanken at det kunne vorte pinleg om eg hadde bedt om handsopprekking, men altså: Kven av oss som er her i kyrkja i dag har lukkast som foreldre?
Kven kan seia at me har lukkast?Forresten, eg trur det er to: Nelly og Henning. Kun fordi de har så kort fartstid.
Og skal nokon seia at dei har lukkast, må dei nødvendigvis ha nokon mislukka å samanlikne seg med. Og hvis me samanliknar oss med andre folk, blir det lett så me bikkar alt for langt den eine eller den andre vegen – me blir ufordrageleg hovmodige eller me søkk ned i ein avgrunn av skam.
Kva er kriteria for å vera vellukka foreldre?
Sjå på borna: Dei er sosiale og skuleflinke, dei held seg unna rus og kriminalitet, dei har passe mange kjærastar, dei kan rydde, vaske og skifte hjul, dei er ansvarsbevisste, ærlege og vellukka ... lista med krav og forventningar kunne lagast lang som eit vondt år.
Og så kunne me med born på pluss-sida av alle håplause kriteriar sole oss endå meir i glansen av våre eigne avkom og proklamere i hytt og vèr at me er så stolte så stolte – over kva?
Eigentleg over oss sjølve.
Og dermed blir det heile igrunn berre ein dum og ekkel måte å prøve å klore til seg sosiale poeng på.
Skal me vera ærlege med oss sjølve og kvarandre, er det ingen, INGEN!, som lukkast som foreldre. I alle fall om me ikkje er større enn at me kan seia unskyld og innrømme feil, urimelegheiter, urettferdigheiter, tilkortkommenheit og kanskje også uærlegheit.
Dertil finst det foreldre som både kjeftar og kranglar, rusar seg og slår. Me kan gjerne gå i forsvar og seia at ”eg gjorde berre så godt eg kunne”.
Og så veit alle partar at såra som vart i barnesinnet ikkje blir helbreda med slike flosklar. Det må sterkare lut til: Ei ubetinga bøn om tilgjeving. Bøn om tilgjeving, utan meir om og men.
Me står ingen så nære som borna våre.
Dei har berre oss. Og me elskar dei høgare enn alt me fekk å elske.
Og likevel.
Likevel feilar me som foreldre.
Likevel blir det til at mykje søvnløyse, bekymringar, temperement og alskens anna me kan unskylde oss med, går ut over borna våre.
Og like fullt treng me som foreldre å opptre såpass vaksent at me kan stå for det me gjorde dårleg som me også står for det gode me unnlot å gjera.
Eg har sjølv hatt ei mor som var mor både på godt og vondt – igrunn høgst menneskeleg. Noko av det finaste ho lærte meg, var å be om unnskyldning. Ikkje som ein teori, men noko ho sjølv praktiserte.
Då eg gjekk på vidaregåande, brukte eg ei t-skjorte til ho vart fullstendig utslitt. Teksta på den var dekkande nok for menneskelegheita generelt:
Kafka hadde det ikke så lett, han heller.
Og for vår alles rekning kan me gjerne føre til kongehuset i den rekneskapen med ein stor takk for at ikkje alt vårt av vellukka eller mislukka oppdragelse blir publisert og analysert i alle retningar.
Kongen har det ikkje så enkelt, han heller.
Men når skal eg byrja å snakke om teksta eg las? Når blir det andakt og forkynning her?
Faktisk har det vore det heile vegen.
Det har handla om dei næraste relasjonane. Om kjærleiken. Om vilja til å elske ubetinga og så ikkje makte å leva deretter, slik at det blir vondt der alt skulle vore godt.
Og om nødvendigheita av å be om tilgjeving, nødvendigheita av å begjære nåden.
Fordi det er nåde me treng, uansett kor gjerne me ville sole oss i glansen av våre eigne avkom og erklære oss for stolte.
Kafka hadde det ikkje så enkelt, men det vart fabelaktig litteratur av den mannen.
Korkje kongen eller det som så fint kallast for ”hans hus” har det enkelt, men det er få som elskar han mindre av den grunn. Heller meir.
Og neimen var det så enkelt å vera Jesus, heller.
Jesus hadde alt, absolutt alt, hjå Gud ifrå før verda vart skapt.
Han var med der alt skjedde, i sin herlege himmel langt unna både slange og syndefall, ørkenvandring og eksil og alt det øvrige spanande som skjedde i det gamle Israel.
Når tida var inne, vart han født for å vera den som hjelper oss med alt me treng hjelp til.
At me treng hjelp, har eg skissert tydeleg nok. Og var me ikkje utilstrekkelege som foreldre, er det altids fleire ting som kunne nemnast i alskens relasjonar – både bortover og oppover.
Me treng alle dette som blir forkynt oss gjennom vitnesbyrdet frå Johannes døyparen:
Me treng nåde.Me treng tilgjeving.Me treng ein restart.
Overfor borna våre kan me alltids unnskylde oss med at me gjorde så godt me kunne. Og så veit me innerst inne at dette er berre tull og tøv og forbanna løgn. Visst kunne me gjort meir, hadde me berre villa.
Det same overfor kvarandre, både kva angår indre og ytre sirklar. Og det same overfor Gud.
Det er svært enkelt å lure seg sjølv. Og ganske enkelt å prøve å lure og manipulere både borna våre og kvarandre.
Men Gud let seg ikkje lure.
Og kva er forresten vitsen med å prøve seg, så lenge fasiten og vegen og frelsa ligg vidopen føre oss – som Johannes seier det: Av hans overflod har me alle fått. Nåde over nåde.
Me har fått alt me treng for å leva.Og me har fått alt me treng for å døy.Og meir treng me ikkje – ei heller dumme unskyldningar eller tilbøyelegheit til å skulle samanlikne oss med andre.
Nåde over nåde.
Då er det berre om-gjort at me benyttar oss av den.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.
Amen.
.