Skolegudsteneste i Rindal

oversiktsbilde over kirkeskipet fylt med skoleelever
Skuleelevane fylte Rindalskirka.

Skoleelevane fylte Rindalskirka 

Dette var siste skoledag før jul for elevane på Rindal skole. I eit langt tog vandra dei frå skolen til kirka og fylte benkeradene. Vi deler Lene prest si preike over juleevangeliet og nokre bilde frå samlinga både før og etter preika.

Publisert Sist oppdatert
tre elevar tenner dei tre første adventslysa
Tre femteklassingar tente dei tre første adventslysa medan medelevane song "Tenn lys"

Juleevangeliet

4. klasse oppstilt i kordøra
Elevar las juleevangeliet og song "Natt i Betlehem" med dyktige solistar og kraftig fellessong.

Det står skrevet i evangeliet etter Lukas 2, 1-20

Det skjedde i de dager at det gikk ut befaling fra keiser Augustus om at hele verden skulle innskrives i manntall.Denne første innskrivningen ble holdt mens Kvirinius var landshøvding i Syria. Og alle dro av sted for å la seg innskrive, hver til sin by

Josef dro da fra byen Nasaret i Galilea opp til Judea, til Davids by Betlehem, siden han var av Davids hus og ætt, for å la seg innskrive sammen med Maria, som var lovet bort til ham, og som ventet barn. 

Og mens de var der, kom tiden da hun skulle føde, og hun fødte sin sønn, den førstefødte. Hun svøpte ham og la ham i en krybbe, for det var ikke husrom for dem. 

Det var noen gjetere der i nærheten som var ute på marken og holdt nattevakt over flokken sin. Med ett sto en Herrens engel foran dem, og Herrens herlighet lyste om dem. De ble overveldet av redsel. Men engelen sa til dem: 

«Frykt ikke! Se, jeg forkynner dere en stor glede, en glede for hele folket: I dag er det født dere en frelser i Davids by; han er Messias, Herren. Og dette skal dere ha til tegn: Dere skal finne et barn som er svøpt og ligger i en krybbe.» Med ett var engelen omgitt av en himmelsk hærskare, som lovpriste Gud og sang: 

«Ære være Gud i det høyeste, og fred på jorden blant mennesker Gud har glede i!» 

Da englene hadde forlatt dem og vendt tilbake til himmelen, sa gjeterne til hverandre: «La oss gå inn til Betlehem for å se dette som har hendt, og som Herren har kunngjort for oss.» Og de skyndte seg av sted og fant Maria og Josef og det lille barnet som lå i krybben. Da de fikk se ham, fortalte de alt som var blitt sagt dem om dette barnet. 

Alle som hørte på, undret seg over det gjeterne fortalte. Men Maria tok vare på alt som ble sagt, og grunnet på det i sitt hjerte. Gjeterne dro tilbake. De lovet og priste Gud for alt de hadde hørt og sett; alt var slik som det var sagt dem.

Slik lyder det hellige evangelium.

Kvifor har me skulegudsteneste?

Veit de, det står noko om dette i lovar og reglar. Der står det at alle born har krav på å vita noko om både historie og kultur.

Me har høyrt historien bak julefeiringa vår, korleis Lukas skriv om kva som skjedde i dei dagane det gjekk ut bod frå keisar Augustus. Historia om då Jesus vart født.

Og kultur her i kyrkja er alt me gjer ut av det så det blir vårt og felles – ikkje minst gjennom det me syng av adventssongar og julesongar. Historia ligg i botnen, og kulturen er det me gjer ut av det så det blir verdifullt for oss.

Og midt i alt er me forskjellige – og i år er me forskjellige frå korleis me var i fjor og året før det.

Kanskje var det slik for to år sidan at gåvene var det de gledde dykk mest til til jul. Så vart det kanskje maten. Eller pynten. Og så var kanskje ikkje noko viktig i det heile teke, berre mor og far kunne vera vener i jula så det ikkje vart krangling. Og kanskje nokon gruar seg til jul også fordi dei veit at dei vil sakne nokon som anten ikkje vil koma eller ikkje kan koma.

Me er så forskjellige. Og me har det så forskjellig. Og då er det kanskje godt at det ligg noko i botnen, som eit slags grunnlag for historia vår, som er felles.

Slik som for eksempel juleevangeliet, forteljinga om kva som skjedde då Jesus vart født.

At det er denne fødselen me feirar år etter år, sjølv om både me og andre forandrar oss, sjølv om me kan vera engstelege og føle oss utrygge, sjølv om ikkje alt blir som me hadde tenkt.

Me har så kort spenn i følelsane våre mellom når me er glade og lei oss, når me føler på lukke og når me har mest lyst til å berre gråte. Det skiftar så fort. Igrunn er det ganske interessant også, dette å vera menneske med følelsar. Både på godt og vondt.

Når englane kjem til gjetarane på jordet utanfor Betlehem, så skiftar det også fort.

Plutseleg ser dei ein himmelsk hærskare av englar, og då står det at dei vart veldig redde. Men så seier engelen at nei, de må ikkje vera redde. De må ikkje vera redde, for eg kjem for å fortelja dykk om ei stor glede, ei glede som skal vera for alle:

Frelsaren er født. Han dei hadde venta på i mange hundre år. No er han komen til verda. Og nei, han vart ikkje født i slottet, men i stallen. Dit er både gjetarane og alle velkomne til å koma og sjå: Gud er komen til jorda som eit nyfødt og lite barn.

Det var historia. Og kulturen – kulturen er at denne nyfødte og vesle barnet er ei glede for alt folket – også for oss.

Historia seier at det var gjetarar som fyrst fekk beskjed om at Jesus var født og som var dei fyrste til å koma til stallen og sjå dette store som var hendt.

Det er ganske enkelt: Der ligg Gud, nyfødt som ein baby, i ei krubbe framfor kyrne. Det er lort og støv og spindelvev over alt. Og der kjem gjetarane som bur på jordet, som ikkje hugsar sist dei fekk vaska seg.

Men det er fint. Fint for alle. Der, hos Jesus og Maria og Josef, der er gjetarane hjarteleg velkomne sjølv om dei er både fattige og ustelte.

Det viktigaste er at dei kjem for å sjå og ta inn denne gleda som er for alt folket – også for dei. Også for oss.

Gleda vår er at Gud kjem til verda. Han vart født i ein stall – og kulturen som me har fått gjennom salmane me syng seier også at han kan bli født i hjarta vårt. Eller i det minste i tankane våre.

fint pynta tiendeklassinger
I Rindal er det tradisjon for at 10.-klasseingene stiller julepynta siste skoledag før jul. I år var ikkje noko unntak!

.

Powered by Labrador CMS