Sokneprest Lene Gåsvatn

Preike frå gudtenesta i Rindal kyrkje søndag 4. juni

Publisert

Innleiing i gudstenesta, formulert av Edin Løvås og Knut Grønvik:

En disippel er et menneske med en sterk personbinding til Jesus. Gjennom dåpen knyttes vi sammen med Jesus i hans død og hans oppstandelse. Men dette er bare begynnelsen. En disippel er et menneske som er døpt, og siden fortsetter å etterligne Jesus. En disippel settes i gang med livslang læring for å gjøre slik Jesus sa og gjorde. En disippel er et menneske som identifiserer seg med Jesu interesser i verden, og forener seg med ham i kampen for livet på vår klode.

Slik fortsetter menneskefisket. Som da alt begynte.

Jesus går foran. Disiplene følger etter. Han gjør godt. De gjør godt.

Disippelbevegelsen lar seg ikke stanse.

Preike i Rindal kyrkje 4. juni -23. Treeinigheitssundag.

Matteus 28, 16-20:

Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møta dei. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. Då steig Jesus fram og tala til dei:

«Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Meir svulstig kan det ikkje seiast. Ei heller meir sant. Dette er sant! Slik er det! Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda.

Makt og makt, fru Blom. Sjølv er eg der at eg lett går på autopilot når eg møter makta og kjenner at det er overmakt: Eg trekkjer meg unna. Må eg ha med maktmenneske, maktutøvarar og sjefarar å gjera, så gjer eg minst mogeleg ut av relasjonen. Eg mislikar maktbruk som lett bikkar over til maktmisbruk. Ubehaget kan stundom kjennast fysisk.

Men samfunnet er nå ein gong slik innretta at nokon er sjef og dei fleste andre av oss ikkje er det. Og heldigvis er dei fleste sjefar sunne sjefar som har omsorg og vil vel. Heldigvis. Dei usunne sjefane er helsefarlege og kostar samfunnet milliardar av kroner med ikkje-øyremerka midlar. Rett ut til mekling, til fallskjermar, til helsekøar og nedbrotne offer.

Og så Jesus då. Og så han! Han er sjef. Han har all makt i himmelen og på jorda. No har pipa fått eit anna lete enn då han vart audmjuka på det mest grusomme i påska. Offer for den vonde overmakta, styrt av krefter ingen visste at fantest eller ante rekkevidda av. Men også det hadde ei meining, også det skulle leggja grunnmuren for alt som skulle bli av god makt og gode krefter.

Har Jesus all makt i himmel og på jord? Me må gjerne spørja både oss sjøvle og kvarandre om så er tilfelle. Og korleis manifisterer så denne makta seg her hjå oss?

Det eg mest kjenner på når dette er temaet, er ei sorg over at interessa for Jesus synest så lita blant folk flest. Me har nok med vårt, med arbeid, med dette som så fint heiter å fylgja opp ungane, med ferie, med alt som krevst av oss. Kva skal me så med Jesus, liksom. Jau, det er altids fint med litt kyrkje og kristenliv når me treng det. Men helst ikkje for mykje. Og ikkje for ofte.

Denne sorga kan eg like gjerne vende mot meg sjølv også: Kva åndeleg liv hadde eg hatt om eg ikkje var prest og har ein jobb som går ut på å leva og formidle eit liv med Jesus?

Eg trur me må halde opp for oss at Guds rike er større enn oss. Jesu makt i himmelen og på jorda er større og langt meir omfattande enn me ser. Og den er tufta på ein kjærleik som er langt djupare enn me klarer å gripe med tanken.

Når Jesus har all makt i himmelen og på jorda, betyr det at han har kontroll med alt. Alt ligg i hans naglemerka hender. Alt og alle er ivaretatt i større grad enn me klarer å ivareta korkje oss sjølve eller jorda me lever på.

Men kallet fekk me: Gå difor ut og gjer alle folkeslag til disiplar i det de døyper og lærer. Nokon gjorde det, fleire heldt fram og evangeliet lot seg ikkje stoppe. Det let seg ikkje stoppe. Og uansett kor moderne og lite interesserte me måtte vera, så angår det oss. Det rammar inn liva våre og gjev oss perspektiv ut over vår trivielle kvardag og våre fulle almanakkar.

I desse versa fortel Jesus disiplane sine – og oss – kor stor han er. Kor stor han er på den gode makta. Kor mektig han er i evigheitsperspektiv.

Når Jesus er med oss i alle dagar så lenge verda står – då er det ikkje noko som er farleg lengre. Då er me i dei beste hendar. Elska og ivaretatt. Beskytta og bore. Også når me møter folk som synest å meine at Jesus har gått ut på dato. Betyr Jesus noko for oss, vil det merkast. Og merkast det, så kjem nye til. Og nye. Slik me òg ein gong var unge og vaklande i det me hadde fått av dåp, opplæring og tru.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Powered by Labrador CMS