Rindal kirke

50-årsjubilantane
13 av de som var konfirmerte for 50 år sidan møtte opp i Rindalskirka i dag. Etterpå var dei samla til middag, kaffe, kaker og minglesamtalar på menighetshuset. Første rekke f.v. Eva Oddrun Bævre, Wenche Grønli Slettahjell, Inger Røen og Aud Berit Rindøyen. Andre rekke f.v. Sølvi Tørset, Odd Geir Rønningsbakk, Ingebrigt Landsem, Steinar Landsem og Lisbet Børset Dahle. Tredje rekke f.v. Kåre Flø, Sigmund Moen, Nils Stokke og Nils Ragnar Bjørnås.

Både dåpsbarn og 50-årsjubilanter i kirka 

På denne første dagen i september fylte både to dåpsbarn med familier og de som var konfirmerte for 50 år siden opp i benkene i Rindal kirke. Lene prest deler preika si med oss der ho tok utgangspunkt i forteljinga om da Jesus kom på besøk til Marta og Maria.

Publisert Sist oppdatert

Opne sansar midt i strevet

- Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig.

Desse orda er sagt i omsorg, som ein spore til å innsjå at det er meir å hente enn resultatet av alt me streba etter. Slik vart det forkynt for kyrkjelyd, dåpsfolk og 50-års-konfirmantar i Rindalskyrkja sundag.

Jesus hos Marta og Maria. Lukas 10,38–42

Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han.

Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans. Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Dei beste plassane eg kjem på besøk, er der det er meir rot på bordet og rusk på golvet enn det er heime hjå meg sjølv. Det er så godt for oss som aldri når opp til perfekt nivå å koma til slike heimar, der ein må skubbe vekk nokre aviser for å få plass til kaffikoppen og kanskje flytte på eit strikketøy eller ei katte før ein får sett seg. Då er me liksom på same nivå - .

Men slik er det ikkje å koma på besøk til Marta. Der kjem han ut for ei vertinne som har gått i surt – ikkje overfor Jesus som er på besøk, men overfor syster si Maria. Og Marta har jo rett i at det slett ikkje er rett, dette som så lett skjer automatisk i dei fleste heimar der det bur eit kvinnemenneske: Sjølvsagt er det ho som skal ordne og styre og sørge for at det blir råd både med pådekking og bevertning og kanskje oppreidd seng og reine golv i tillegg. På den tida var det ikkje berre å stikke støpsel i kontakten og skru på omn og kaffitraktar om mat skulle lagast, heller.

Arbeidet må gjerast, og Marta gjer det. Og det kan synast som at ho ikkje får korkje hjelp eller støtte av Jesus, heller. I staden kjem det eit Marta, Marta, du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast ifrå henne.

Det er eit spenn på om lag 65 år mellom dåpsborn og gullkonfirmantar. Meir enn to generasjonar.

Slik som for Maren og Frida, valde foreldra dykkar at de skulle døypast inn i kyrkja og bli eitt med Kristus.

Dei ville at det skulle vera slik – uvisst av om det var på grunn av tradisjon eller overbevisning. Uansett kvifor, kan me vera trygge på at dei gjorde det slik fordi dei ville dykk godt – som foreldra til Maren og Frida vil det beste for sine små jenter.

Dette er å velja den gode del og å ville den gode del for det kjæraste ein har fått. Den gode del som er der, ved Jesu føter. Den plassen Maria fann seg. Der ho sit og høyrer etter for å lære, for å vekse, for å få nye stimuli – kva veit eg. Men det anar meg at det må ha vore fint.

Eg veit ikkje om de lærer så mykje av preika eg held i dag, men eg håpar at det kan vera som ein motivasjon, ein spore, ein lyst til å få meir av dette som Maria er og hentar hjå Jesus.

Når me er vel vaksne og det er femti år sidan konfirmasjonen, så er det ein del me har oppnådd. Me har gjort oss strev og uro med mange ting, på same måte som Marta – kanskje alt for mykje strev, alt for mykje uro, kanskje alt for mange ting, kanskje alt for lenge så me er utslitt både fysisk og psykisk.

Men kom me på at livet er meir, at tilværet her – om det er i eller utanfor bygda – har så mykje meir å gje oss enn alt me finn på å gjera oss strev og uro med?

Det er aldri for seint å finne den gode del som ikkje skal takast ifrå oss. Me fekk den i dåpen, i lag med Den Heilage Ande som visstnok er nærare oss enn både pusten og huda.

Me fekk den gode del, og me fekk den for å benytte oss av den – ikkje for å sole oss i alt me fekk til, men for å kunne hanskast med dei oppgåvene som tross alt blir for store for oss.

Så handlar dette også om å få – eller ta imot – det som blir bydd oss. Livet og saligheita kan me ikkje strebe oss til sjølve, like lite som det perfekte. Då er det like godt å lata det stå til og ta imot, - som eit lite barn over døypefatet, med skjelvande kne rundt altarbordet eller i eit hjarte og sinn som fortsatt er mjukt nok til å bøye seg for Guds gode vilje med oss.

Dåpsfølget til Maren Aune Holte
Maren Aune Holte med foreldre og fadrar
Dåpsfølget til Frida Shevchenko Bolme
Frida Shevchenko Bolme med foreldre og fadrar
Powered by Labrador CMS