Oppgradert turmål
Hytta på Garbergsfjellet har fått oppgradering, og det koster pengar! No kan du vere med på SPLEIS!
Ein aktiv dugnadsgjeng på 6-7 stykke har denne hausten sørga for utviding av hytta på Garbergsfjellet. Når skiføret vert betre, kan du besøke hytta til Rørvatnet Vel.
Men no kan du også delta i dugnaden ved å støtte utbygginga økonomisk ved å gi pengar gjennom SPLEIS!
Det er Rørvatnet Vel som har denne hytta. Under gaveutdelinga til Rindal Sparebank siste vår fekk Rørvatnet Vel kr 25 000,- til utvidinga med observasjonstårn og glaskuppel på den gamle luftvakthytta.
Trollheimsporten hadde denne artikkelen om prosjektet siste vår!
No nærmer oppgraderinga seg slutten! Heilt ferdig blir dei ikkje før dei har fått bygd på veranda på Storåssida.
Dei mest aktive dugnadsarbeidarane har vore Håvard og Endre Norli, Tore og Marius Simonset, og Anders og Arild Haugen.
Rørvatnet Vel er medlem av Trollheimsporten.
Bla igjennom bildeserien nedafor!