Betaler du?
Furuhaugmarka veglag treng pengar til vedlikehald
Furuhaugmarka veglag i Rindal har ansvar for vedlikehaldet av bomvegen frå Furuhaug ved Fv65 til Lulia i Grønlifeltet ved Fv6168. Vegen går gjennom utfartsområdet Furuhaugmarka med m.a. tursti til Grønlifeltet, gapahuk og fine skiløyper om vinteren. Vegen er gjennomfartsveg.
- Dessverre har vi grunn til å tru at mange brukar vegen utan å betale bompengar, seier ledar for veglaget Per Kåre Negård. – Inntektene auka straks vi innførte betaling med Vipps i tillegg til kontantkasse og giro, men vi har grunn til å tru at mange likevel «glømmer» å betale.
Furuhaugmarka veglag vedtok nettopp på medlemsmøte å halde fram med vinterbrøyting til parkeringsplass ca 1 km frå kvar av bommane. Gjennombrøyting sist vinter var ikkje i regi av veglaget. Det er det ikkje økonomi til.
No blir det arbeidd med planar om fysisk bom ved begge endane av vegen. Da må alle betale for å komme igjennom, og dermed håper veglaget å få økonomi til brukbart vedlikehald og open veg heile året.
No håper veglaget at dei klarer å finansiere denne bomløysinga. Fram til da må folk betale med pengar i kassa, Vipps 105819 eller bankgiro til 4111.43.28179. (Sesongkort koster kr. 1000,- og turprisen er kr 70,)
Furuhaugmarka veglag er medlem av Trollheimsporten!