LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Tid for veg!

Publisert Sist oppdatert

Etter tre år med total tørke ang vegbygging frå Vedum og Støre, er det no på tide for ei skikkeleg satsing på exportvegane, fylkesvegane, og på omfattande vegbygging.

Regjeringspartia har sveltefora Møre og Romsdal innan samferdsel, og deira Nasjonal transportplan (NTP) må vere tidenes svakaste for vårt fylke.

Ikkje eit einaste større prosjekt er inne i planen. Våre svært viktige exportvegar, slik som E-136 frå Moa til Bjorli, E-39 Solevågseidet- Blindheim til Moa, fullverdig utbygging av RV 70, eller Strynefjellet klarte ikkje regjeringa å få inn på sikker plass i NTP.

Eit anna fleirtal med FrP, Høgre, KrF, Venstre, SV og Rødt sørga for eit kraftig løft for behandlinga av NTP i Stortinget.

I konkrete vedtak vart regjeringa instruert til betydeleg auka satsing på fylkesvegane, prioritering av ein rekke viktige prosjekt landet rundt, der til dømes RV 15 Strynefjellet m arm til Geiranger vart flytta ut av øydemarka.

RV 15 Strynefjellet m arm til Geiranger ligg no i fyrste perioden av NTP, og skal setjast igang straks. SP og AP flytta dette ut til siste 6 årsperioden som i realiteten betyr utsatt på ubestemt tid.

Likevel er der lyspunkt, når Samferdselsministeren har fjerna Møreaksen heilt ut av NTP sine 12 år.

"Derimot tyder mykje på at Statens vegvesen på Molde ikkje kan å verken lese eller få med seg kva som skjer på Stortinget ang NTP, når dei fortsetter med planlegging av tidenes verste sløseriprosjekt"

STVV blir sjølvsagt instruert og stoppa. 

No må dette organet snart begynne å arbeide med reelle vegprosjekt slik som RV 15 Strynefjellet, RV 70, Voldatunnelen, og planlegging av Exportvegen E-136 og E-39 Blindheimstunnelen osv.

Og skal STVV tenke nytt, er FV 64 og Langfjordkryssinga eit godt og viktig prosjekt som må løftast fram og omgjerast til riksveg.

Med ei ny borgarleg regjering med eit sterkt FrP til neste haust, er det åpenbart "tid for veg" og tid for ei regjering som faktisk satsar på samferdsel.

Møreaksen er parkert, og no må sløseriet endeleg ta slutt på dette greinalause sløseriprosjektet, slik at verkelege og viktige vegar her i fylket kan planleggast og byggast så raskt som råd.

Frank Sve
1 nestleder i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP

Powered by Labrador CMS