LESERINNLEGG - Tilsvar til Per Vidar Kjømoen:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Per, no lyg du igjen!

"Møre og Romsdal har med AP og Kjølmoen i regjering, totalt skvisa vårt fylke i NTP"

Dette er sjølvsagt fakta, der regjeringspartia feira med kaker for å flytte ut av NTP sin reelle plan som er dei fyrste 6 åra, både RV 15 Strynefjellet m arm til Geiranger og Voldatunellen.

Resten av fylket fekk null med AP og Kjølmoen i regjeringa sitt framlegg til NTP.

At Kjølmoen forsøker å bløffe om at vår enigheit med eit fleirtal i Stortinget for viktige samferdselsprosjekt skulle ramme oss, er rett og slett tøv og pølsevev.

RV 15 Strynefjellet m arm til Geiranger er sjølvsagt mulig å starte innan få år, men samferdsel har ikkje vore Kjølmoen sin sterkaste side.

Politikk er å prioritere, og ang jernbane har vi skrota AP og samferdselsministeren sitt luftslott av ett jernbaneprosjekt til Fredrikstad til mange titals milliard kr, som blir omprioritert.

  •  med andre ord blir ikkje jernbane nevneverdig endra økonomisk, og har slett ingen betydning for andre prioriteringar.

Fakta er vidare at regjeringa sin NTP er 24% lavare enn NTP en frå 2021, så det at det ikkje finnes midler til våre prioriteringer opererer kun i hodet på Kjølmoen og co.

Vidare er det åpenbart flaut for AP og Kjølmoen å gjere så slett arbeide i Stortinget at dei taper det meste ikring ny NTP.

RV15 Strynefjellet m arm til Geiranger er høgt prioritert av Møre og Romsdal FrP, samt av Vestland og Innlandet. Dette blir no bygd raskast råd.

Så blir det ny regjering med eit sterkt FrP i 2025, då får vi sette full gass på Nye Veier as og E39 Solrvågseidet til Moa og Exportvegen E-136 frå Ålesund til Bjorli.

Vi leverer der regjeringa sviktar!

Mvh
Frank Sve
1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant
for FrP

Powered by Labrador CMS