LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Møreaksenklanen utan magemål!

"Heile Nordmøre og Sunnmøre skal liksom tvingast til å køyre E-39 i gedigen omveg via lang tunnel bak Molde frå Bolsønes til Julsundet og til ny ferjekai der."

Greinalaust av Høgre og AP.

  •  kva skal Nordmøringane og Sunnmøringane på Julsundet?

KUN for å betale bypakken til Molde og realisere Møreaksen del 1, ein tunnel som overhode ikkje ligg inne i gjeldande NTP dei neste 12 åra.

Møreaksen inklusivt ein vanvittig tunnel bak Molde til mange, mange milliard kr, er heilt ut av Nasjonal transportplan dei neste 12 åra som vart behandla sommaren 2024.

Heilt i tråd med FrP sitt krav om å skrote Møreaksen.

No har derimot Molvær i Høgre og Kjølmoen i AP kome på at dersom ein flyttar ferjekaia i Molde heilt ut på Julsundet, vil Møreaksen bak Molde bli tvinga fram, og betalt av folket på Nordmøre og på Sunnmøre.

80% av befolkninga her i fylket skal altså måtte betale for eit samferdselsprosjekt dei slett ikkje får nytte av, kun svindyre ulemper med hundrevis av kr i bompengar.

"Moldensarane skal ikkje forbi sin egen by, og treng ikke denne tunnelen, trenger dei ein by -tunnel får dei legge dette inn i egen bypakke og finansiere denne sjølve, slik både Ålesund og Kristiansund må gjere."

FrP er garantisten for at Møreaksen aldri blir ein realitet, og vi skal sørge for at dei viktige vegprosjekta her i fylket i staden blir prioritert.

RV 70 har mange prosjekt som må prioriterast og ikkje minst ny E-39 forbi Batnfjorden må på plass.

Todalsfjordkryssinga er eit fylkesvegprosjekt som sjølvsagt bør realiserast, derfor er styrking av fylkesvegane svært viktig.

FrP har lagt inn heile 1 milliard kr ekstra pr år i heile den 12-årige NTP perioden, og klarer vi å legge ned heile fylkeskommunen blir økonomien enda betre.

Møreaksen er galskapens prosjekt som ikkje Høgre, AP samt SP skal få muligheit til å realisere. 

Derfor er eit knallsterkt FrP avgjerande til haustens Stortingsvalg, slik at dei reelt viktige samferdselsprosjekt her i fylket blir realisert.

Frank Sve
1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant
for FrP

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS