LESERINNLEGG:
FrP leverer det vi lova
"Ikkje nedlegging av verken Tingvoll eller Stranda VGS, ingen kutt i ferjedrifta, ikkje ferjetakstauke, fortsatt rasjonalisering av fylkesbyråkratiet, fortsatt satsing på samferdsel"
Dette gjekk FrP til valg på og vart fylkets desidert største parti, no leverar vi tilbake til næringslivet og innbyggjarane det vi lova.
Eg varsla at det ikkje var nokon "ulv" i marka slik fylkeskommunedirektøren hevda, var ikkje behov for å rasere verken ferjetilbudet eller leggje ned vidaregåande skular.
Påfallande var det at ferjedrifta skulle verkeleg raserast, medan fylkesadministrasjonen vart freda av fylkeskommunedirektøren.
Vi freder slett ikkje administrasjonen, og etter kraftige kutt i stillingar i 2024 fortsetter vi med rasjonalisering av fylkeshuset år for år framover.
"Fylkeskommunedirektøren må snart forstå at fylket er til for innbyggjarane og næringslivet, ikkje omvendt. Tjenestene er viktigast, ikkje unødvendig byråkrati på fylkeshuset".
Kraftig oppvask innan selskap fylket er medeigar i er i full gang, her skal fylket ut av så mange selskap som mulig, og det er vanvittig pengesløseri vi har avdekka.
12 år med AP og SP setter spor, ryddejobben i fylkeskommunen er i gang, og det er jaggu også nødvendig med same ryddejobben nasjonalt.
"Verken kommunane, fylket eller landet har råda til meir AP og SP i praksis, og næringslivet sliter kraftig med tidenes verste næringspolitikk frå regjeringa".
FrP leverar, og eit borgarleg fleirtal på fylket gjev borgarleg politikk og prioriteringar.
Mvh
Frank
Sve
1
nestleiar Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant
Gruppeleiar
i Møre og Romsdal FrP