Spillrom
Spillrommet

Ungdomsklubben open «etter skuletid»

Den fjerde veka er i gang for gratistilbodet «etter skuletid» for ungdom i Surnadal. Det er ungdomsklubben og Surnadal frivilligsentral som har starta tilbodet.

I utgangspunktet var det sagt at tilbodet skulle vere for ungdom i alderen 10-16 år, men dei ser at behovet er der for eldre ungdom óg. Til dømes dei som bur på hybel i Surnadal, kan ha god nytte av å ha ein plass å møte andre på eller få seg ein matbit etter skulen.

Ungdomsklubben/frivilligsentralen er ein godt egna plass for denne målgruppa. Her kan ungdom spele PlayStation 4, airhockey, sjakk og brettspel, eller berre slenge seg ned på sofaen og slappe av eller snakke med andre ungdommar.

Playstation 4 med mange spel å velje mellom
God plass for å slappe av etter skulen
Her kan ein utfordre ein venn på ein runde sjakk

Det blir servert eit varmt måltid kvar dag, som kan passe bra for dei som har litt dårleg tid mellom skule og fritidsaktivitetar. Av mat blir det laga supper, gryter og ostesmørbrød, og torsdagar er «Kjell-finn-på»-dagen. Da ordnar Kjell Vikavoll alt frå husmannskost til fisketaco. Alle som vil får gratis mat, men ein kan óg kome berre for å vere på ungdomsklubben, om det passar betre.

Moglegheit for å få seg eit varmt måltid kvar måndag til torsdag
Spisestue
God plass for å ta ein matbit eller slå av ein prat.
Brettspelhylla på ungdomsklubben

Utstyrssentralen er open og det er mogleg å låne blant anna langrennski, akebrett og turutstyr som telt, sovepose og stormkjøkken. I tillegg kan ungdom låne gratis heiskort til alpinsenteret. Frivilligsentralen har 10 heiskort å låne ut, og dei kan lånes i 1 uke før dei leverast tilbake.

Tilbodet «etter skuletid» er her for å bli, og no ønskjer dei at enda fleire ungdommar skal ta turen innom. Det er låg terskel for å bli med, og foreldre og lærarar oppfordrast til å fortelje om tilbodet for ungdom i aldersgruppa. Det har vore lite aktivitet etter nedstenginga, men no er det på tide å treffast og få opp aktiviteta igjen!

Frivilligsentralen er open for forslag til aktivitetar eller anna som gjeld «etter skuletid» og ungdomsklubben, og det kan tas opp direkte med dei frivillige, eller via ungdomsrådet i kommunen.

Masse utstyr å låne for tur og friluftsliv!
Britt May Hollås og Sissel Halset Storslett håpar enda fleire ungdommar vil nytte seg av tilbodet framover
Powered by Labrador CMS