Feirer jubileet på torgdagen
20 år med Rindal frivilligsentral
I år er det 20 år sidan Rindal frivilligsentral vart starta opp. Vi har tatt ein prat med dei tre damene som har dreve frivilligsentralen i Rindal frå starten i 2003 og fram til i dag, og saman med dei tar vi eit lite historisk tilbakeblikk.
Frivilligsentralen har vore ei god støtte og eit viktig samlingspunkt for mange i Rindal opp gjennom åra, og for mange er det nok vanskeleg å forestille seg korleis lokalsamfunnet hadde vore utan.
Slik starta det
Elisabet Halgunset meiner å hugse at det var Leif Kleven som tok initiativ til det som etter kvart utvikla seg til å bli ein frivilligheitssentral. Utgangspunktet hans var nok eit ønske om hjelp til eldre, altså "eldre hjelper eldre", ein plass der ein kunne henvende seg for å få hjelp til stort og smått i kvardagen, trur Elisabet.
Av dei gamle årsmeldingane ser vi at arbeidet med planer om ein frivilligsentral starta allereide i 2001, og det ser ut til at Leif Kleven leia arbeidet den gongen. Frivilligheitssentralen i Rindal vart altså realisert to år seinare.
Spleiselag
Elisabet minnast at Rindal pensjonistlag, med Gudrun Moen i spissen, fekk med seg kommunen, Rindal Sanitetsforening og Rindal Sokneråd i arbeidet med å stifte frivilligheitssentralen. Med økonomisk støtte frå Rindal Sparebank klarte dei å skaffe nok midlar til å løyse ut oppstartsmidlar på 40% frå Staten.
Elisabet Halgunset vart tilsett som dagleg leiar for Rindal frivillighetssentral, i 60% stilling. Ho fortel at ho hadde som utgangspunkt at ho alltid har vore eit organisasjonsmenneske, og var oppflaska med engasjement og frivillig arbeid. I 2003 var ho småbarnsmor, evig vikar på skulen, og ho sakna tida i bygdeungdomslaget og frivillig engasjement på alle vis.
– Motivasjonen min var organisasjonsarbeid. Eg ville det skulle bli ein plass der organisasjonane kunne søke hjelp. Eg fokuserte meir på den frivillige, utøvaren, enn på mottakaren. I ettertid ser eg ein kollisjon der. Men eg digga folk og trudde at alle ville dra i same retning. For 20 år sidan var motet større, engasjementet og naiviteten var større, og det trur eg var bra, smiler ho.
Oppstarten
I startfasen mangla frivilligsentralen kontor og lokale. Elisabet kunne ha vurdert heimekontor, men det var aldri eit alternativ for ho. Det vart gjort plass for ho på det gamle lensmannskontoret i "det hvite hus", kommunehus 1, i Rindal sentrum.
– Der delte eg kaffetraktar med teknisk etat, og dei var viktige for meg i oppstarten. Når ein går frå eit lærarkollegium med 30 kollegaer og ferdig opptråkka sti, til å bli ein einsleg svale som skal klekke ut heilt nye tankar i eit nytt landskap, så var eg på ei stor hengemyr i starten, seier Elisabet.
Det eine store spørsmålet var kva region frivilligsentralen skulle slutte seg til, mot nord eller mot vest? Ho vurderte alle retningar. Den næraste frivilligsentralen i Møre og Romsdal var i Sunndal. I Trøndelag hadde ho god kontakt med regionledaren i Rennebu, Maj Britt Svorkdal Hess. Både Sunndal og Rennebu var gode å ha, men da ho måtte velge vart det mest lettvindt å søke nordover.
Dei gode starthjelparane
Elisabet var på den tida "ung og lovende", seier ho sjøl, og starten vart litt røff. Det hører med til historia at ho sto på valliste det året, og valet gjekk litt annleis enn ho hadde forestilt seg, så det vart litt mykje politikk. Derfor var dei gode hjelparane uvurdelege.
– Gudrun Moen var eineståande på alle vis! Eg hadde ikkje klart meg utan ho, seier Elisabet.
Ho fortel at Gudrun hadde gode ord og kloke råd å kome med. "Tenk enkelt med arrangement, så blir det enklare å gjennomføre og gjenta det", sa ho. Frå tida i bygdeungdomslaget var Elisabet drilla i å planlegge godt og å våge. Det var gode reiskap å ha med seg.
Elsa Jensvold var første styreleiar i frivilligsentralen, og Karl Kraby var den første frivillige. Kåre Romunstad var og ein god hjelpar i startfasen. Det var han som klipte snora da Frivilligsentralen vart åpna, minnast Elisabet.
Dei gode minna
– Eg trur vi landa veldig godt til slutt. Det vart bra. Frivilligsentralen var frå dag 1 ein unik arbeidsplass. Det eg minnest mest er folka! Dei unike møta. Kjøkkenpraten og kjennskapen til psykisk helse. Ressursane som bor i folk, og kor viktig det er å føle at det er bruk for ein, seier ho.
Det vart ein del kreative kveldar. Frivilligsentralen vart ein møteplass for organisasjonar. Skuleelevar hadde praksisplass som hjelparar. Det var snømåking, bærbuskoppbinding, vedarbeid og baking.
I 2006 flytta friviligsentralen frå det gamle kommunehuset til Or i Ringvegen 1, som tidlegare hadde vore kommunal utleigebolig. Da fekk dei mykje betre plass, og det var eit stort framskritt, tykte Elisabet.
Det første nissemøtet på museet var i 2006, eit samarbeid mellom Rindal bygdemuseum og frivilligsentralen. Julenissen er det beste symbolet på frivillig arbeid, meiner Elisabet. Nissetreffet for barnehageungane og førsteklassingane i bygda har vorte ein årleg tradisjon, og frivilligsentralen er framleis medarrangør, saman med Rindal skimuseum og skimuseet si venneforening.
Elisabet minnest bussturar i frivilligsentralen sin regi, til Smøla, til Svinviks arboret og til Røros. I Kulturvøkku arrangerte ho loppemarked for å spe på finansieringa. Ho minnast nettverkssamlingane og møte med andre kollegaer.
– Så mykje fantastiske folk å bli kjent med, og vennskap eg har teke vare på vidare, sier ho.
Ønsket om full stilling
Etter kvart kom ønsket om å få utvida stillinga ved Frivilligsentralen. Elisabet beskriv det som ein seig og vanskeleg kamp. Da ho gjekk ut i fødselspermisjon i 2007 kom Anne Skjølsvold inn som vikar. Elisabet byrja å jobbe att på deltid, i delvis permisjon, og da delte dei to ei heil stilling mellom seg i ein periode.
– Det var godt å vere to-saman. Det var storveies å få Anne med på laget. Vi var ulike, og utfylte kvarandre godt. Der eg sprella rundt sto ho i ro, og der eg kunne feige ut var ho modig, sier Elisabet, og held fram:
– I 2008 inviterte vi Kine Hellebust på besøk. Det var ei stor oppleving, med formidling og klassebesøk. Da eg fekk arbeid på skulen att var det greit å få gje stafettpinnen vidare til Anne.
Nye lokaler
Anne Skjølsvold hadde jobba på Ullkorga, og da det vart slutt der i 2007 såg ho seg om etter anna arbeid og vart vikar på frivilligsentralen. Året etter delte ho jobben med Elisabet. Elisabet jobba i 60% stilling og Anne i 40%. Da Elisabet fekk jobb på skulen att i 2009 heldt Anne fram i 40% stilling. Stillinga på frivilligsentralen vart da redusert til 80%, og Ann Elin Hess Brønstad vikarierte i 40% stilling ut det året. I 2010 vart stillinga redusert på nytt, no til 60%, og Anne gjekk opp til 60% stilling som dagleg leiar.
Stor aktivitet og mange idear
Anne fortell at frivillingsentralen heile tida hadde eit godt samarbeid med pensjonistlaget, sanitetsforeninga og Rindal sokn. I lag med soknet var det babytreff på bedehuset, pensjonistlaget kom med forslag til tiltak som dei ville ha hjelp til, og det vart arrangert stavgangkonsert ein godverskveld ved Igltjønna med Oldtimers. Dei var på bussturar og konsert i Olavshallen med Ronald Sødermark. I lag med sanitetsforeninga starta dei stavganggruppe og arrangerte «Kjerringkveldar». Og dei hadde stort loppemarked på Torgdagen i Kulturvøkku. Så var det heile tida såkalla ein-til ein-tenester, der frivillige hjelpte til med snømaking og plenklipping og følgeteneste til sjukehus, mellom anna.
Og så må ein ikkje gløyme gode samarbeidspartnarar i dyktige og engasjerte styreleiarar som Elsa Jensvold, Per Kobbeltvedt og Ann Elin Brønstad.
Dataklubben kom i gang i 2012, etter initiativ frå pensjonistane, og den eksisterar enda. Her er det stadig behov for fornying, etter kvart som det kjem nye appar, nye system for pålogging, nye svindelmetodar. Terskelen er svært låg for å bli med, og det er absolutt plass til fleire i dataklubben.
Prosjekt Nepalteppe vart introdusert, der folk strikka lappeteppe til nyfødde på eit sjukehus i Nepal. Det har vore sendt hundrevis av teppe etter dette, og både sanitetsforeninga og soknet har sponsa frakt.
Kursarrangør
– Så fekk vi tips om å arrangere kurs, og det vart kurs i alt frå flatbrødbaking, måling og dekoupage til sildballaging og trafikkurs for eldre, sier Anne.
I 2013 kom det nokre arbeidsinnvandrarar til bygda, og sentralen fekk spørsmål om dei kunne sette i gang norskkurs for desse. Arvid Koksæter var pensjonert lærar og tok på seg å vere lærar for desse, og Rindal sparebank gav tilskot til lærebøker.
Glede og vemod
Anne Skjølsvold vart på frivilligsentralen til 2014, da ho byrja som museumsformidlar på Rindal skimuseum, som åpna dette året.
– Det er både med glede og vemod eg i dag ser på gamle bilde frå tida på frivilligsentalen. Mange av dei som var tilknytta sentralen og var med på arrangementa våre er borte i dag. Så er det ei glede å observere at fleire av dei tiltaka som kom i gang før og i mi tid framleis «lever» vidare, og at frivilligsentralen ved Anni har fått nye og viktige oppgaver som ungdomsklubb og integreringsarbeid overfor flyktningar. Å skape inkluderande lokalsamfunn og vere ein møteplass for menneske har heile tida har heile tida vore frivilligsentralane sin visjon. Det vil nok vere bruk for frivilligsentralan også i dei neste 20 åra, seier ho.
Hjelp til flyktningar
Våren 2014 vart Marit Øvergård tilsett som daglig leiar i 60 % stilling. Ho jobba ut det året. Dette året kom flyktningar frå Somalia og Eritrea til Rindal, og friviligsentralen vart engasjert i å hjelpe dei, både med det praktiske og det sosiale. Frivilligsentralen sette i gang ei fadderordning, og samla inn klede og utstyr til flyktningane.
I januar 2015 vart Anni Karlstrøm tilsett i stillinga som dagleg leiar, framleis i 60%, og ho har kombinert det med ei deltidstilling som sekretær ved Rindal skole.
I desember 2015 vart frivilligsentralen flytta til det lokalet der dei er i dag, på Hjørnet i Rindalstorget i Rindal sentrum. I denne jobben arbeider ein mykje aleine, og da kunne bli litt einsamt på Or. Anni tykte det var godt å komme til ein plass som var meir sentral, og på Hjørnet kjem det folk innom kvar dag, fortel ho.
Arbeidet med flyktningane tok fortsatt mykje tid. Frivillige stilte og opp for å vere med på øvelseskjøring, og frivilligsentralen samla inn pengar til ein bil som dei kunne bruke til øvelseskjøringa.
Fleire nye tilbod
I 2015 var frivilligsentralen med på å starta kursing av aktivitetsvenner, frivillige som vil hjelpe demente å halde seg i aktivitet. Dette tilbodet vart naturleg nok redusert da
pandemien kom, men i forbindelse med at
Rindal kommune skal bli ein demensvennlig kommune er det planer om å rekruttere
fleire aktivitetsvenner gjennom nye aktivtitesvenn-kurs. Frivilligsentralen har og nokre faste besøksvenner, som besøker folk som bor heime og har behov for nokon å snakke med.
Etter kvart fekk Anni starta fritidsklubb og ungdomsklubb. Det vart svært populært, og tilbodet har vorte utvida med åra, så no har alle klassane på mellomtrinnet og i ungdomsskulen i Rindal tilbod om fritidsklubb ein gong i veka på frivilligsentralen, i dei vekene av året dei er på skulen.
Frivilligsentralen administrerar og ordninga med matombringing til eldre frå kjøkenet ved Rindal helsetun. Fire faste sjåførar har kvar si veke der der kjører ut med mat tysdag og fredag. "Betalinga" er berre kjøregodgjersle og ein middagsporsjon. Dei same sjåførane stiller opp dersom nokon treng skyss, fortel Anni.
Full stilling og full fokus på frivilligheita
Frå siste årsskifte vart stillinga som dagleg leiar i frivilligsentralen utvida til 100% att, da vart det krav om å ha full stilling for å få tilskot frå Staten. Anni kan ikkje kome på at nokre av aktivitetane som har vore starta opp har vorte lagt ned, det har berre auka på med nye aktivitetar. Det einaste dei har slutta med er vel loppemarked, for det vart det lite interesse for etter at ombruksbua på gjenbruksstasjonen kom. Dessutan er frivilligsentralen no ein kommunal arbeidsplass, slik at ho slepp å bruke tid på å få inn pengar til å finansiere ein del av si eiga stilling, slik som dei måtte før. Elisabet og Anne hugser at loppemarked og "tigging om pengar" til drift tok mykje tid da dei jobba med det.
Interessa for dei ulike tilboda ved frivilligsentralen har sjølvsagt variert, og det Anni ikkje rekk sjøl får ho hjelp til av frivillige. Ho nemner mellom anna natteravnane, som har halde på sidan 2007. Ein gong i veka er det åpen kaffekrok, som blir dreve av frivillige. Kjøkkenpraten er framleis i gang. Det er ei lita gruppe som samlast ein gong annakvar veke for å prate og vere saman, og dei vil gjerne ha med seg fleire. Ellers har frivilligsentralen framleis ein-til-ein-teneste og samarbeid med Rindal skole og elevar som vel faget "innsats for andre". Nokre skuleelevar held fram som frivillege etterpå og.
Utstyr til utlån
Frivilligsentralen har og starta utstyrssentral, eit lager med sports- og fritidsutstyr til gratis utlån for alle som treng det. Da utstyrssentralen vart etablert fekk sentralen støtte frå Gjensidigestiftelsen og frå Rindal Sparebank til innkjøp av utstyr, mellom anna bilstolar, ski og fiskestenger. No er utstyret som frivilligsentralen har lagra i eit kontorlokale på loftet på Rindalstorget, men no skal frivilligsentralen snart samlokaliserast med Rindalshuset, og da får dei eit betre egna rom for utstyrssentralen. Da vil dei søke om meir midlar og få kjøpt inn enda litt meir utstyr til utlån, fortel Anni.
Snart på flyttefot
Ombygginga ved Rindalshuset er i gang, og frivilligsentralen flyttar inn der til hausten. Da får ungdommane eigne rom, det blir eit gamingrom og eit koserom. I tillegg blir det eit fleirbruksrom der det mellom anna blir biljardbord. Det blir ulike tider for ulike aldersgrupper, sidan det ikkje er plass til at alle kan vere der samtidig, men alle aldersgruppene får meir tid enn dei har no.
Plana er at åpningstida ved Rindalshuset blir utvida, slik at det ikkje blir stengt eit par timar på ettermiddagen lenger. Når personalressursen frå frivilligsentralen blir flytta til Rindalshuset så blir det nok folk til å utvide opningstida. Anni gler seg til å få kollegaer rundt seg i kvardagen. Sjølv om ho treffer folk kvar dag i arbeidstida, så er det likevel ein einsam jobb, og slik har det nok delvis vore for dei som arbeider i Rindalshuset og. Når ein er fleire saman så er det og lettare å få nye idear, synest ho.
I Rindalshuset blir det i tillegg til dataklubben og eit utvida tilbod om digihjelp, i samarbeid med biblioteket, og det blir plassar for å sitte der med skulearbeid og anna. Anni trur det blir ei bra løysing i Rindalshuset, både for dei som arbeider på der og for brukarane av frivilligsentralen og Rindalshuset.
Framleis bruk for frivilligsentralen
Dei tre damene som har jobba lengst på Rindal frivilligsentral er einige om at frivilligheita er svært viktig i lokalsamfunnet, og at frivilligsentralen er ein fin arbeidsplass, sosialt, "gøttj" og svært variert. Dei konkluderer med at det var svært bra at frivilligsentralen vart oppretta for 20 år sidan, og dei trur at det vil vere bruk for han i minst 20 år til.
Feiring på stand på torgdagen
På torgdagen i Rindal førstkomande laurdag skal frivilligsentralen ha stand. Der blir det jubileumsfeiring med servering av kake til dei som kjem innom.
Les mer om Rindal frivilligsentral på frivilligsentralens hjemmeside og facebookside.
Frå Trollheimsportens arkiv:
(På eit par av desse lenkene kan det komme opp ei feilmelding med åtvaring om at sida ikkje er trygg. Men desse sidene er trygge, og du kjem vidare ved å trykke på "avansert" og bekrefte at du vil gå inn på sida likevel.)
Frivillighetskonferansen - med Kine Hellebust (2009)
Kine på Eldresenteret (2009)
Heldag med Kine (2009)
Ola E. (86) på Trollheimsporten (2009)
Trafikkurs for erfarne bilførere (2010)
Gamle bilder - fra uttakingsrennet til OL i Rindal i 1952 (2010)
Dataklubben hjelper gjerne (2010)
Det store nissetreffet (2010)
Frivillig graut (2010)
Akvarellkurs (2011)
NRK på rindalsbesøk - LAN på TV (2011)
Medlemsruletten: Rindal Frivilligsentral (2011)
Blant gamle bøker og brev (2011)
Tynnlems' og flatbrød til jul (2011)
Det store nissetreffet (2011)
Åpen leikeplass (2011)
Ungdom og rus - utsett debutalderen! (2011)
Våre nye sambygdinger (2012)
Strikker lappetepper til Nepal (2012)
Stavgangkonserten ble suksess! (2012)
Oppover bratte bakkan... (2012)
Livet er ikke for amatører (2012)
Unge kokker på kurs (2013)
Mange på stavgangkonsert (2013)
Gaver som varmer (2013)
Lærer norsk på frivilligsentralen (2013)
Ein frivillig 10-åring (2013) - Rindal Frivilligsentral sitt 10-årsjubileum
Årets store nissetreff (2014)
Ny daglig leder ved Rindal frivilligsentral (2015)
Aktivitetsvenn? (2015)
Bli med på kurs og bli aktivitetsvenn (2015)
Matkurs for nye rindalinger (2015)
Hyggekveld på Tørsåsløa (2015)
Nissedag i regn (2015)
Frivilligsentralen i nye lokaler (2015)
Frivilligsentral midt i smørøyet (2016)
Velkomstfølelse i bygda (2016)
Godt miljø på språkkafé (2016)
Mer enn bare en kaffekrok (2016)
Lærer mye av hverandre (2016)
Nytt fra Rindal Frivilligsentral (2016)
Dataklubb for nybegynnere (2016)
Nissedag i regn (2016)
Gir bort en del av overskuddet til Frivilligsentralen (2016)
På kaffelag i Kaffekroken (2017)
- Ekstra gøttj når det kjem folk (2017)
Livlig nissedag på skimuseet (2017)
Kløvertur i Rindal (2018)
Frivilligsentralen i ny drakt (2018)
Kjøle gau nissedag på skimuseet (2018)
Inviterer til samtalegruppe om demens (2018)
Årets happening på skimuséet: Nissedagen (2019)
Datahjelp til seniorar i Rindal (2019)
Kaffekroken er åpen for alle (2020)
Nissedag på Rindal Skimuseum (2020)
Farskfere på nissetreff (2021)
– Det er uforståelig det som har skjedd (2022)
Kaffekroken og Dataklubben bytter dag (2023)
Det siste av aktiviteter kan du se under tag'en Rindal Frivilligsentral på Trollheimsporten, blant annet referat fra mange Kløverturer.