Surnadal kommune:

Ein trelagt gangssti.
Kavlvegen.

Kavlvegen kultursti - informasjon

Kavlvegen kultursti opna 1. september 2023. Dette er eit unikt friluftslivsområde med gruslagde turstiar og kavlvegar av tre som er tilrettelagt for rullestol og barnevogn.

Informasjon til besøkande

Surnadal kommune har bygd Kavlvegen kultursti som eit eksempel på berekraftig og naturvennleg tilrettelegging på sårbar myr. Dette er ein lett tur i vakker natur i eit myrterreng ved foten av Trollheimen. Fri for lange bratte bakkar og med mange koselege kvilebenkar og møteplassar undervegs. 

Kavlvegen kultursti har to startpunkt, begge med avkøyrsel frå FV670 på Eidet i Surnadal, ein 4-5 minutt køyretur frå sentrum.

Et kart over Kavlvegen kultursti.
Startpunkt og parkering tursti

Hovedparkering ved museet på Åsen

Hovudstartpunktet finn du ved å følge skilta avkøyrsel frå FV670 til Kavlvegen og parkering på Åsen. Du kan parkere på anvist plass i museumstunet. Frå Åsen er det 1,3 km å gå på fin grusa tursti til kvilebu og kavlvegar. 

HC-parkering på Galtmettet

Det andre startpunktet har kun HC-parkering. For andre bilistar gjeld kun av- og påstigning. Startpunktet finn du ved avkøyrsel frå FV670 til gardsveg på Galtmettet. Avkøyrselen er skilta med grønt turskilt ved ein raud postrampe. HC-parkering på høgre side rett ved turstien. Derifrå er det 0,7 km fram til kvilebu. 

Lån av MidtNorge Gjeterhundlag sin parkeringsplass kan kun skje etter avtale med styreleiar Irene Vaagan på førehand. Kontakt styreleiar på mobil: 922 26 456.

Tradisjonell og rullestolvennleg kavlveg

Turstien har utgangspunkt i eit freda kulturminne frå 1100-talet. Ein 800m lang kavlveg av kløyvde trestokkar ligg gøymt i myra ved turstien. Konserveringsforhold i myr gjer at ubehandla tre blir bevart i lang tid, og den gamle kavlvegen har framleis bereevne. 

I samarbeid med Nordmørsmusea har vi på tradisjonelt vis rekonstruert ein bit av historia for å teste ut om den naturvennlege kavlveg-metoden har overføringsverdi til moderne turstibygging i sårbar natur.

Kavlvegen kultursti består av ei tolking av det arkeologiske funnet og ein modernisert kavlveg med møteplassar for rullestol og barnevogn.

Kavlvegen kultursti med kavlvegar og grusa turstiar er på litt over 3 km. I midten ligg ei romsleg kvilebu ved ei vakker tjønn. Retningsskilt frå startpunkta for turstien viser kortaste avstand til kvilebua.

Tursesong

Kavlvegen kultursti er egna i sommarhalvåret. Når frosten kjem kan kavlvegen bli glatt. Om vinteren kan det bli aktuelt å køyre opp enkelt skispor til kvilebua.

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside. Meir informasjon, bilete og linkar finn du her: Kavlvegen kultursti

Powered by Labrador CMS