Surnadal kommune melder:

En mann og ei dame som sitter ved et bord og signerer papierer.
Ordførar Hugo Pedersen og Turid Sættem Eggen fra SJFF signerte driftsavtalen for Vaulen.

Ny driftsavtale for Vaulen

Fredag inngikk Surnadal kommune og Surnadal jeger- og fiskeforening (SJFF) en avtale om drift av Vaulen.

Eigedommen Vaulen på Nordmarka ligg i eit statleg sikra friluftslivsområde på over 7000 dekar. Med 20 sengeplassar og tilgang til båt og kanoar, har Vaulen i alle år vore eit populært friluftslivsområde for skulane. I tillegg har Vaulen opp gjennom åra vore sporadisk utleigd til privatpersonar og bedrifter. 

– Surnadal kommune ønskar ei berekraftig forvaltning av Vaulen og ei drift i tråd med intensjonane for området. Tida var inne for å få på plass ein ny driftsavtale, og vi er veldig fornøgde med at Surnadal jeger - og fiskeforening no overtar den daglege drifta av Vaulen, seier ordførar Hugo Pedersen. 

Turid Sættem Eggen signerte driftsavtalen på vegne av SJFF. 

– Vi kan love at Vaulen blir minst like tilgjengeleg for friluftslivsinteresserte som før. Vi kjenner Vaulen godt som mangeårig forvaltar av småviltjakta på området. Vaulen har eit stort potensiale for rekruttering til eit aktivt friluftsliv, og dette ønsker vi sjølvsagt å bidra til, seier Turid. 

Avtalen gjeld i første omgang for 4 år.

Den friluftslivsinteresserte zoologen og offiseren James Lawrence “Jim” Chaworth -Musters som eigde Vaulen og tala surnadalsdialekt, kunne neppe vore meir fornøgd. 

– Ta bli kjøle bra, kviskrar statuen på Vaulen.

En mann og ei dame foran inngangen til et gammelt hus.
Grandniesa til James Lawrence ("Jim") Chaworth-Musters og ektemannen på besøk på Vaulen tidlegare i sommar.

Tidlegare i sommer var representantar frå familien Chaworth-Musters på besøk på Vaulen. Dei var over seg av begeistring over kor fint det var på Vaulen, og at området vart halde i hevd i tråd med interessene til gammel-onkel James Lawrence “Jim” Chaworth -Musters.

James Lawrence ("Jim") Chaworth-Musters (1901-1948) kalla Vaulen for "heim" når han skulle dit. Den naturglade zoologen og krigshelten, som var sentral i etableringa av Kompani Linge, snakka surnadalsdialekt og budde i periodar på Vaulen, som han arva etter mor si.

Det var ei grandniese av Jim med ektemann som var på besøk på Vaulen, før dei overnatta på Årnestrøa. Begge husa vart bygde av Jims far John Patricius ("Patrick") Chaworth-Musters (1860-1921). Patrick og kona Polly fekk 11 barn. Jim var yngst.

Maja Frønes frå Nordmørsmusea var vertskap på Vaulen. Jules og Stephen Crompton fekk ei lita omvisning i samlinga av "Musters-ting" på Åsen bygdemuseum.

Stephen Crompton har skrive bok om Jim: The naturalist who joined the SIS and SOE. Nicola Webb har skrive bok om historia til Patrick og Polly i lys av 100 års samfunnutvikling og krigshistorie: One hundred years of a Victorian Nottinghamshire family".

Chaworth-Musters var i si tid store landeigarar, godt likte og respekterte - og gjorde stor krigsinnsats i 1. og 2. verdenskrig.

Bøkene skal etter planen vere tilgjengelege for utlån på biblioteket.

Saka er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS