Surnadalingane mest aktive i Stikk UT! ski denne vinteren
Statistikken som viser oppslutninga om Stikk UT! gjennom vinterhalvåret 2022/-23 er no klar. Tal for 26 kommunar i Møre og Romsdal er presentert, og for første gong er det beregna prosentvis aktivitet i forhold til folketalet i kvar enkelt kommune. Det viser seg da at Surnadal har vore beste kommune i fylket på Stikk UT! ski (i forhold til folketalet) denne vinteren!
Surnadal har også før kome ganske høgt opp på lista for Stikk UT! ski, men har ikkje uventa alltid ligge bak dei tre storbyane når det gjeld tal på deltakarar. Slik har det også vore denne vinteren: Ålesund ligg heilt på toppen av lista med 1056 aktive skigåarar. Molde kjem på andreplass med 1002 og Kristiansund på tredje med 439. Deretter kjem Surnadal på ein ganske så klar fjerdeplass med 222 aktive deltakarar. Viss vi ser på deltakinga i forhold til folketalet i kommunen, er det derimot Surnadal som tronar på toppen med 3,8 %. På dei neste plassane kjem Gjemnes (3,41 %) og Molde (3,13 %).
Det kan vera fleire årsaker til at Surnadal har hamna på skitoppen. For det første har Surnadal av dei beste og mest stabile snøforholda i fylket.
Dei dyktige tråkkemannskapa på dei ulike skianlegga i kommunen må også få noko av æra: Dei held løypene opne så lenge forholda gjer det muleg. Til dømes bør det nemnast at skianlegget på Nordmarka, «næranlegget» til ein stor del av befolkninga i kommunen, dei siste åra har vore veldig dyktige til å tråkke opp spor til Stikk UT!-posten på Garthøglia. Saman med lysløypa og traseen til Løålikjølen gir dette eit breitt og godt totaltilbod for veldig mange ulike skigåarar.
Det er vel også gode og lange tradisjonar for langrenn i Surnadal. Statistikken frå Stikk UT! i vinter underbygger dette. Det er framleis sterkare kultur for ski enn for fotturar vinters tid her i kommunen.
Nokre klipp frå statistikken:
Aktive brukarar totalt (ski og fotturar samla) fordelt på kommunar (viser i prosent kor aktive innbyggarane har vore i forhold til innbyggartalet i kommunen):
· Surnadal på fjerdeplass i fylket (av 26 kommunar) med 4,99 %. Dei tre kommunane med best deltaking var Vanylven (6,67 %), Sande (5,86 %) og Aukra (5,46 %).
Aktive deltakarar på skiturar fordelt på kommunar (viser i prosent kor aktive innbyggarane har vore i forhold til innbyggartalet i kommunen):
· Surnadal best i fylket (av 26 kommunar) med 3,8 %. Gjemnes (3,41 %) og Molde (3,13 %) kjem på dei neste plassane
Aktive brukarar vinterfotturar fordelt på kommunar (viser i prosent kor aktive innbyggarane har vore i forhold til innbyggartalet i kommunen):
· Surnadal på 11. plass av totalt 26 kommunar i fylket med 2,94 %.
Deltaking på Stikk UT! i vinterhalvåret fordelt på kjønn:
· Av alle deltakarane på stikk UT! vinter (fotturar og skiturar samla) i Surnadal var 66 % kvinner og 34 % menn. Volda kommune var til samanlikning kommunen med minst kvinneandel (37 %), Smøla kommunen hadde høgast kvinneandel (77 %)
· Av deltakarane på fotturar i Surnadal: 60 % kvinner og 40 % menn
· Av deltakarane på skiturar i Surnadal: 73 % kvinner, 27 % menn