Annonse
Surnadal pensjonistlag
Stavgangtur til Øygardshalsen
Torsdag denne veka hadde Surnadal pensjonistlag stavgang til Øygardashalsen. 24 stavgangare møtte opp til den siste turen for sesongen.
Natta før hadde det snøa i fjella og langt ned i liene. Dette laga eit fint bilete mot fjella og fjorden.
Johannes kom med bakels, Gudmund hadde koka graut, og Brynhild hadde med tytteberkake og som takk for i år vart vi avtakka med fine haustblomster. Vi avslutta med dagen på Vang skisenter etter turen.
Vi har gått 17 turar i år med ein gjenomsnitt på 21 stavgangare .
Om 14 dagar blir det trim på Frivilligsentralen.