Annonse
Surnadal pensjonistlag
Stavgang til Roparen
Surnadal pensjonistlag hadde stavgang til Roparen torsdag 29. august. Denne gangen var vi 27 stavgangare som møtte opp i de fine veret. Turen gikk frå Alpinanlegget fram til Roparen. Her er det utsikt over slettlandet i nedre delen av Surnadal og ut over fjorden. Det har vorte store endringar, dei siste 50 åra. Det meste av tollskogen som ein gong var er borte, det same er einekjerra nedre ved fotballbanen og det gamle evjesystemet som ein gong var er bygd ned. I staden er det kome industri, havn og idrettsanlegg.
Vi tok matrasten ved friluftsbarnehagen på alpinsentret der det var benkar, bord og gapahuk. Neste torsdag går vi Svinvikrunden.