Annonse
Surnadal Pensjonistlag
Fossen viste seg frå ei god side
Surnadal pensjonistlag hadde tur til Nauståfossen torsdag 27. juni. Vi gikk frå Kårvatn og opp til fossen. Det vart observert elgavføring på vegen og nokon sa at dei hadde sett eit stort dyr mellom trea. Fossen viste seg frå ei god side og vart fotografert av mange.
Nista vart fortært ved Kokkhuset . Denne gongen var det ikkje orm eller knott rundt oss, men ein fin og varm sommardag.
23 stavgangere møtte opp til den siste turen for vårsesongen.
Vi tek pause til 1. august og da går turen til Krokvassdalen.