Snøscooterkjøring

«Vinterleikane» i Surnadal fyller 30 år og arrangerer jubileumskonsert

For litt over 30 år sidan arrangerte Noreg OL på Lillehammer. Nordmøre Folkehøgskule, med tilsette og gode venner, fant ut at det også burde væra eit vintersportstilbod for alle. Festivalen «Vinterleikane» blei arrangert for første gong i 1994, og sidan den gong har Nordmøre Folkehøgskule samla menneske med særskilde behov frå heile landet til fest og moro i Surnadal.

– Hovudfokus for festivalen er at vi i fellesskap skal samlast rundt vinteraktivitetar, heiter det i pressemeldinga frå Vinterleikane. 

Årets Vinterleikar går av stabelen 10. - 12. mars, med alt frå hundekøyring, langrenn, aking, snøskuterkøyring, dans og musikk, og andre aktivitetar. Målet er å oppleve meistring, fellesskap, hygge og trening. Aktivitetane går føre seg på Nordmarka Skisenter, Nordmøre Folkehøgskule, Surnadal Kulturhus og Thon Hotell.

En mann med mikrofon på scenen.
Tore Halvorsen.

Jubileumskonsert i Storstuå

I anledning 30-årsjubileet har arrangørane i år bestemt seg for å halde ein storslått konsert i «Storstua», Surnadal Kulturhus. Arrangørane av konserten er Nordmøre Folkehøgskule og Kulturetaten i Surnadal kommune.

Som hovudartist har dei fått tak i Tore Halvorsen, kjent som frontfigur i «Ole Ivars». Halvorsen gler seg til å komme til Surnadal, og spesielt til Vinterleikane, og lover både «Kongen av campingplassen» og «Englarna fans» med meir.

– Eg starta i mitt eige band, Katho (Seinare Scandinavia) helt i starten av 70-tallet, og kom med i Ole Ivars i 1988. Der var eg fram til 2018, og sidan da har eg heldt det gåande sjølv, med same tempo som før, og vel så det, seier Halvorsen.

Halvorsen mottok nyleg «Marte-prisen», som vart tildelt ham på grunn av serdeles positivt haldningsskapande arbeid. Prisen deles ut av organisasjonen «Downs Syndrom Norge», saman med Marte Wexelsen Goksøyr.

Konserten vil også ha innslag frå Surnadal Kulturskule, NoFo sitt skulekor og eit glimrande husband under leiing av Jo Inge Nes.

Konserten er for alle i bygda, og arrangørane garanterer ein storslått kveld med musikkglede og folkeleg trivsel i sentrum. Her kan alt skje!

Fakkeltog og fest på hotellet

I forkant av konserten vil det bli eit stort fakkeltog frå Nordmøre Folkehøgskule og fram til Surnadal Kulturhus, der det så serverens ein velkomstdrink før konserten startar.

For deltakarane på «Vinterleikane» fortsett festen på Thon Hotell, med middag og dans ut i dei seine nattetimar.

Ei dame bak et skrivebord.
Sigrid Sæterøy er primus motor for «Vinterleikane».

Håpar å kunne nå ut til mange

Sigrid Sæterøy har i mange år vore primus motor for «Vinterleikane», og ho gler seg til årets jubileum.

– Vi håpar på stor deltaking frå heile landet. Det er nok flest frå Midt-Noreg som kjem, men vi håpar å kunne nå ut til mange. Det er ikkje mange tilbod på fritida for denne gruppa, så vinterleikane er eit viktig arrangement for mange. Det er eit lyspunkt i vintertida. Men det er dyrt for deltakarane å betale for reise og overnatting, så vi har så låg deltakarpris som vi kan, sier Sæterøy, og legg til:

– Men så er jo denne festivalen også ein flott anledning for våre elevar til å bli kjent med ei gruppe menneske, med ofte ukjente utfordringar for dei sjølve. Det er mykje læring og hygge for våre elevar, og det er ein stor motivasjonsfaktor for oss som skule.

Støtte frå næringslivet

«Vinterleikane» har i år fått mykje god støtte frå lokalt næringsliv. Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank har gjeve 60.000,- til innkjøp av nytt utstyr.

– Dette er sårt tiltrengde pengar som vil komma godt med, seier Sæterøy. 

– Etter 30 år med slitasje, er det meste modent for utskifting, legg ho til.

I tillegg har Sparebank 1 Midt-Norge gitt 10.000,- i støtte til konserten, og elles er det fleire andre i det lokale næringslivet som bidreg. 

 – Surnadal kommune hjelper til med å arrangere jubileumskonserten, noko som gjer at vi har råd til å slå på stortromma i år, seier ein fornøgd Sigrid Sæterøy.

Så sett av datoen 10 mars, og kom på fakkeltog og konsert! Surnadal er da vertskap og midtpunkt for «Vinterleikane» for 30´de gong.

Powered by Labrador CMS