Lun og triveleg markering av starten på «Friluftslivets år»
I 2025 er det, som dei fleste allereie har fått med seg, «Friluftslivets år». Laurdag vart starten på «Friluftslivets år» markert med bålbrenning (båling) over heile landet.
Kulturavdelinga i Surnadal kommune inviterte alle til Todalen Idrettslag sitt flotte ski- og turanlegg på Tjønnmyra for å markere starten på «Friluftslivets år» i Surnadal kommune. Responsen på invitasjonen var heilt grei med litt over tretti frammøtte.
På Tjønnmyra er det ein stor gapahuk med peis, der det sjølvsagt var tent opp i samband med markeringa. Her fekk alle som ville låne bakelsjarnet, slik at ein kunne steike seg bakels. Det var også tent opp i bålpanna på utsida av gapahuken, og her vart det koka god gammaldags «bålkaffe»!
I tillegg til kaffe og bakels hadde kulturavdelinga ordna med skuffkaker og dei serverte gløgg.
Sjølv om dei aller fleste som møtte opp kom køyrande eller gåande, så var det også nokon som kom gåande på ski. Løypene på Tjønnmyra var nypreparerte for dagen, og føret var skapt og godt. Men det var også fint å gå på føtene i traseen, så ein trong ikkje ski for å få ein fin tur.
Surnadal kommune si kulturavdeling vil stå som arrangør av fire arrangement i løpet av året, medan andre lag og organisasjonar i kommunen vil ha arrangement som blir ein del av markeringa. Målet er at det skal vere minst eitt arrangement kvar månad, og at ein gjennom året passerer sytten arrangement, da sytten var talet på arrangement i Surnadal kommune sist det var «Friluftslivets år», tilbake i 2015.
Det var opphaldsvêr og fin temperatur med fleire plussgrader, så dei frammøtte storkosa seg. Da er det berre å sjå fram til neste arrangement som markerer «Friluftslivets år», og sjølvsagt blir folk oppfordra til å drive med friluftsliv på eiga hand!