Annonse
Stort oppmøte på KM i trekamp
Måndag 1. november arrangerte friidrettsgruppa i Rindal KM i trekamp. Heile 33 barn og ungdommar møtte opp.
Det vart konkurrert i 60-meter, lengde og kule, dei under 11 år kasta liten ball.
Tor Jarle Bolme, leiar i Rindal friidrett, var kjempefornøgd med oppmøtet.
– Ein del har øvd på øvelsane på friidrettstrening i haust, men fleire av deltakarane kom først i kveld, fortel han.
Seinare i haust blir det pizzakveld og premieutdeling til alle som har delteke på Rindal friidrett sine arrangement i år.
For fleire bilete og resultat, sjå Rindal friidrett si facebookside.
.