Trollheimsløpet 2023

Vinnaren, Henrik Marius Laukli, flankert av nr.2 Helge Langen og nr.3 Erik Løfald.
Vinnaren, Henrik Marius Laukli, flankert av nr. 2 Helge Langen og nr. 3 Erik Løfald.

Vinnaren sprang barneskoa sine i Surnadal

Søndag gjekk årets Trollheimsløp av stabelen med start og mål ved fotballstadion i Rindal sentrum. Vinnar i seniorklassen vart Henrik Marius Laukli frå Strindheim IL 17 sek før Helge Langen frå Rindal IL med Erik Løfald, også Rindal IL, på tredjeplass.

Henrik Marieus Laukvik budde i Surnadal nokre år i barndommen.
– Det var nok der grunnlaget for løpinga vart lagt, spøkte han! Blant publikum var det folk som hugsa at mor hans var innom Rindal som fysioterapeut.

Nokon har også merka seg namnet Laukvik i samband med skiidrett. Sophie Laukvik deltok mellom anna i OL for USA i Peking 2022 og tok ein 3.plass i "monsterbakken" under siste vinters Tour de Ski.

Henrik fortel at han skal møte henne under eit fjelløp i Sveits i august i år!

Mali Eidnes Bakken går i mål
Mali Eidnes Bakken går i mål

I kvinneklassen var Mali Eidnes Bakken, Rindal IL, klart best.

I dei yngre klassane var det få deltakarar, men sterk innsats!

Erik Sæther Fossum
Erik Sæther Fossum i full fart!

Eirik Sæther Fossum var eigentleg på besøk hos bestemor i Surnadal. Han stilte som einaste deltakar i yngste klasse og gjennomførte løpet sitt med fin fart og stil.

Løparar som utveksler erfaringar
Mingling
Laukvik og PerJarle Bolme
Kunnskapsrik og informativ speaker Per Jarle Bolme intervjuer vinnaren.
Gøril Bakken og Helge Sæther, trimklassen
To av dei 45 trimmarane som tok seg gjennom ein av rundane i godveret, Gøril Bakken og Helge Sæther.
Magnus Øyen
Magnus Øyen stilte ikkje til start i dag

Rindal ILs Magnus Øyen stilte ikkje på Trollheimsløpet. Han var heilt utlada etter innsatsen tidlegare i veka. Etter 5 timars biltur til Jessheim torsdag, sette han både personleg rekord og klubbrekord på 1500 m om kvelden. Så var det 5 timars biltur heim utan søvn, i seng i 5-tida og skule på fredag. Ei treningsøkt på lørdag i tillegg, sa han at det var nok for denne veka.

Vinnaren, Henrik Marius Laukli, flankert av nr.2 Helge Langen og nr.3 Erik Løfald.
Vinnaren, Henrik Marius Laukli, flankert av nr.2 Helge Langen og nr.3 Erik Løfald.
Mali Eidnes Bakken flankert av Marion Steigedal og Liv Åshild Lykkja.
Mali Eidnes Bakken flankert av Marion Steigedal og Liv Åshild Lykkja. Mali held eit godt tak i vandrepremien, ein rosemåla kiststol. No har ho 19 poeng, manglar to for å få den til odel og eige. Denne vart sett opp i 2016. Det står 8 namn rosemåla på denne stolen så langt.
Diplom til Otto Helge Reitan og Berit Vestermo
Diplom til Otto Helge Reitan for å ha delteke 45 gonger i Trollheimsløpet og til Berit Vestermo for 25 gonger.
Superveteranen Hagbart Vebostad går i mål
Superveteranen Hagbart Vebostad går i mål
Erik Løfald
Fin fart på Erik Løfald
Startfelt med 33 løparar
33 løparar i startfeltet
Vinnaren på målstreken
Vinnaren passerar målstreken!
Sebastian Børset går i mål
Sebastian Børset går i mål
Start gutteklassene, 3 løparar
Start i klasse M11, M15-16 og M17.18
Erik Sæther Fossum i mål
Erik Sæther Fossum i fint driv over målstreken
Erik Sæther Fossum
Peaker Tor Jarle Bolme
6 klassevinnarar
Klassevinnarar
Sebastian Børset, Erik Sæther Fossum og Lars Svorkdal etter premieutdelinga.
Sebastian Børset, Erik Sæther Fossum og Lars Svorkdal etter premieutdelinga.

Sjå resultatlister her!

.

Powered by Labrador CMS