Sigve Holten konkurrerer i kulestøt, diskos og sleggekast innen friidrett. I tillegg er han ein musikalsk multikunstnar.

Kast ikkje gitaren!

Oppover åra har mang ein kjent gitarist hive frå seg gitaren, eller knust den på scena, på slutten av ein konsert. Men Sigve foretrekker å kaste andre ting enn gitaren sin. Musikk og friidrett er to store lidenskaper i livet hans.

Publisert Sist oppdatert

Vi sit i vinterhagen heime hos Sigve Holten (16) og snakkar litt om det han likar å gjere aller best, og det er å kaste tunge ting langt.

I løpet av året 2024 har han heva seg godt på nasjonalt nivå, og i sleggekast har han kasta ei fem kg tung «slegge» 58,32 meter.

Sleggekast er favoritten

Sporten sleggekasting har sitt opphav frå dei britiske øyer, særskilt Skottland. Der utvikla den moderne forma av sporten seg allereie frå 1860- tallet, med ei kule på ein wire med handtak i enden, i staden for ei faktisk slegge.

Slegge er Sigve sin favoritt av dei tre disiplinane han driv med innan friidrett, men han presterer og bra med diskos og kule, med beste kast på høvesvis 44.66 og 15.16 meter. Ekstra stas var det at det var under ungdomsmeisterskapet på det historierike Bislett stadion at dette skjedde. 

- Det var spesielt å være på Bislett stadion, fortel Sigve. 

- Eg kom på første plass i både kule og diskos, men eg «persa» ikkje med dagens sleggekast og kom på andreplass der.

Fann nye musklar

Dette var ikkje første gongen Sigve har hamna på pallen. I femte klasse fekk Sigve prøve kulestøt for første gong på skulen, og hamna blant dei tre beste. Då vart Sigve teken ut til å delta i skulecupen, med semifinale på Tingvoll og finale i Molde.

Sigve kan fortelje at onkelen hans i si tid var kretsmeister i kulestøt, og han fekk difor god trening før sjølve konkurransen. 

- Eg var berre ti år og fekk andreplass der, meiner eg å huske, og då tykte eg at dette kunne vere morosamt, seier ein entusiastisk Sigve. 

- Det var litt tilfeldig at eg starta med kule, men det balla på seg, og det vart diskos og så sleggekast til slutt.

Sleggekast er no favoritten, men i starten var det litt hardt for kroppen. 

- Eg vart støl første gangen. Eg aktiverte nokre nye musklar då, eigentleg, kan du seie, ler Sigve. 

Musklane han fann på øvre delen av ryggen og bak på skuldrene, har no fått ein del trening. Det er ein del teknikk i å spinne rundt to-tre gonger med ei fem kg tung kule på cirka ein meter lang wire, for så å sleppe den på rett augeblikk. Heldigvis har Sigve fått seg ein plass å øve på kastinga si. Med ei god blanding av styrketrening to til tre gonger i veka og teknikktrening, har han merka god framgang med sleggekastinga.

- Då blir det enda meir morosamt å halde på med det, tilføyer han.

Tidlegare i år var Sigve ein av dei heldige som fekk pengestøtte frå «Max-stipendet» som blir utdelt av Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank. Han fekk 50.000 kr for å bruke på idretten. Han seier det var ei ære å være blant dei utvalde, men pengane var og ein kjærkommen tilføring til budsjettet.  Det går ein del pengar på reising og utstyr i løpet av ein sesong.

Med vinteren på gang, blir det litt mindre kasting. 

- Eg kan kaste kule i hallen. Vi bruker matter og spesielle innandørskuler med mjuk overflate. Dei er like tunge, men gir litt etter,då, forklarer Sigve.

Multikunstnaren  

Sesongen startar først opp for alvor igjen til våren, og no har Sigve meir tid til sin andre lidenskap, nemleg musikk.

Sigve er litt av ein multikunstnar innan musikk, og han spelar både trommer, bassgitar og gitar. Her òg har Sigve ein favoritt, og trass i at han har spelt trommer lengre enn gitar, er det gitaren som er og blir den store musikalske kjærleiken.

Gitaren er og blir favoritten.

Sigve spelar gitar i lokalbandet «BøggeZ», så det går ein del tid på regelmessige øvingar og ein del konsertar. "BøggeZ" spelar stort sett rockemusikk frå 80- og 90-talet.  Dei spelar på alt frå private arrangement til større konsertar, som til dømes SKUV sitt arrangement på storscenen midt på Skei. 

Sigve på scenen med gitaren.

Når Sigve snakkar om musikk, er det lett å sjå at dette er noko han har stor lidenskap for, både det å spela musikk og å høyre på. Med tanke på musikken som "BøggeZ" spelar, er det ikkje akkurat overraskande at det er hardrock frå 80-tallet som han høyrer mest på. På Spotify-spillelisten til Sigve er det det mykje hardrock frå 80-tallet, men han har ein klar favoritt. 

- Van Halen har mykje bra, og Eddie van Halen har vore eit stort forbilde for meg, seier Sigve, og held fram:. 

- Eg høyrer på mykje diverse musikk, eg liker ein god del av musikken til The Beatles, faktisk. 

Ein engasjert Sigve kan fortelje at særskilt albumplatene «Help» og «Let it be»  absolutt er å anbefale.  

- Og eg elskar jo Queen. Dei var frykteleg gode! Fy fader! Somebody to Love, Killer Queen, for ikkje å tale om Bohemian Rhapsody! Eit meisterverk!

Det har vore ein del kasting av gitarar av kjente rockegitaristar oppover åra, men Sigve har ingen planar om å kaste sin, tvert imot. 

- Om eg måtte velgje mellom friidrett og å være proff gitarist, ville eg ha valt gitar. Det er jo grenser for kor lenge ein kan kaste tunge ting langt, men å spele gitar er det ingen øvre aldersgrense på, seier Sigve, som ikkje har nokon planar om å droppe verken kasting eller gitaren i næraste framtid.

Powered by Labrador CMS