Todalsdagen vel i hamn
Laurdag vart Todalsdagen 2024 arrangert på Bordholmen stadion. Her var det full fart med fotball frå klokka 10 på morgonen til litt etter klokka 14. Det var i år 22 fotballag påmeldt i alderen 6 – 11 år, noko som er litt færre lag enn dei siste åra.
Ræta opp og Miniræta vart også arrangert, og her var det bra deltaking. I Ræta opp, som er eit løp over 3 kilometer, var det 55 deltakarar. I Miniræta, som går over 400 meter, var det 98 deltakarar. Altså totalt 153 deltakarar.
Aron Rodal Haugen og Lisabeth Sæterbø vann konkurranseklassen i Ræta opp.
I konkurranseklassen for herrer i Ræta opp, vart det seier til Aron Rodal Haugen, medan Hermann Bolsønes Svendsen kom på andre plass og Emil Haugen Ansnes på tredje.
I dameklassen vart det seier til Lisabeth Sæterbø, medan Helene Thorsen kom på andre plass og Elise Einum på tredje.
Nye fotballminne til albumet
TodalsCupen i fotball for 6 – 11 åringar har vore arrangert sidan 1993, så dette var altså 32. gongen cupen vart arrangert. Totalt 33 kampar vart spela på tre 5-erbanar og to baner på det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion. Vêrmeldingane for dagen var litt varierande, men vêret vart ganske bra, sjølv om det var eit par korte regnskurer.
Vellykka cup med mange gode prestasjonar, både på grasmatta og i ballbingane. Det verka som både spelarar og publikum kosa seg, så her vart det heilt sikkert nye fotballminne som kan settast inn i albumet!
Lotteri, kiosk og grillmat
Det var open kiosk der dei selde kioskvarer. Det var også sal av grillmat, og her kunne ein få kjøpt både hamburgarar og Thai-tallerken, samt grillspyd og vårrullar.
Ingen Todalsdag utan lotteri, så Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt sommarlotteri hadde siste salsdag og trekning under Todalsdagen. Lotteriet hadde sju flotte gevinstar gjeve av lokalt næringsliv.
– Vi er godt nøgd med besøket på årets Todalsdag, og eg vil nytte høvet til å takke alle som besøkte oss, seier leiar i Todalen idrettslag, Elinor Bolme.
– Vi er også glade for alle dei positive tilbakemeldingane vi får på arrangementet vårt frå dei besøkande. Det er ein stor motivasjonsfaktor og drivkraft, legg ho til.
– Til slutt vil eg takka alle dei rundt femti i dugnadsgjengen, som kvart år gjer dette arrangementet mogleg, avsluttar ho.