Rindal Il Sr. Herrer 4.div

Rindal slo Kolstad på Rinnvollen mandag

Slo Kolstad

Rindals A-lag i 4.divisjon, tok måndag kveld i mot Kolstad på ein perfekt Rinnvollen i nydeleg haustvèr. Alt låg til rette for ein god kamp, då dette var to lag som kjempar på øvre halvdel av tabellen som møttes. Og det blei d!

Publisert

Det var eit aggressivt heimelag, som gjekk rett i strupen på gjestane frå Trondheim, og fleire sjansar vart produsert før kamp-uret viste 10 min og det var vel fortent då Sondre Bolme, etter nydeleg angrep, sette ballen i nota etter elleve minuttars spel! Kolstad kom noko meir inn i kampen etter dette og var eitpar gonger farlege framom rindalsburet utan at det blei nettsus.

Men etter 17 minuttar måtte Anders Grytbakk i heimelagets mål kapitulera og Kolstad klarte å utlikna Rindals leiing. Så ut til at det var ei skåring av den enkle sorten og noko mot spelets gong. 1-1

Trongt inne i Kolstad-boksen

Gleda til gjestane skulle dog vera av den kortvarige sorten, då berre 3 minuttar seinare så var Daniel H.Eide frampå etter litt rot i Kolstadforsvaret og sette ballen kontant i nettet! Rindal opp i ei 2-1 leiing noko som òg vart pauseresultat i ein underhaldande omgang mellom to gode lag.

Sjølv om gjestane var med på notane i første omgang, vart andre omgang omtrent einvegskøyring frå heimelaget. Eit særdeles solid stopparpar på rindalslaget, hadde få problemar med å stogge Kolstads forsøk. Geir Magne Glåmen og Edvard Fjerstad spelte ein meget god kamp og rydda opp i stor stil, slik at rindalskeeper Grytbakk nesten ikkje fekk kjenna på ballen i 2. omgang.

Geir Magne Glåmen gjorde en veldig god kamp

Steinar Gjeldnes kom inn som innbyttar i andre omgang, og skapa gong på gong ubalanse i dei bakre rekker til gjestane. Godt innhopp! Men sjølv om det var eit klart spelemessig overtak til Rindal,med sjansar i bøtter og spann, så gikk det nesten 60 minuttar før nettkjenninga skulle koma. Og det var Martin Fjerstad som klarte å finne vegen til nettmaskane til 3-1.

Ein av få Kolstad visittar framfor rindalsburet

Etter dette var aldri heimelaget trua og det vart ein svært fortent seier 3-1.

Heimelaget ligg no på 4. plass på tabellen, men berre 2 poeng unna andreplassen så det blir spennande å følgje laget denne haustsesongen!

Trollheimsporten gratulerar!

For kampfakta, trykk https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=8432191

Powered by Labrador CMS