Rindal Il Sr. Herrer 4.div.

Det vart poengdeling mellom heimelagetog Tiller 2 på Rinnvollen sundag.

Poengdeling på Rinnvollen

I flott spele-vèr, knallfin grasmatte og bleik septembersol, tok heimelaget sundag imot Tiller 2 til kamp på Rinnvollen. Det som på papiret skulle bli ein «gåtur i parken» for heimelaget, viss ein ser på tabellen, blei i staden ein kamp om å klare å setje ballen i nota i det heile tatt. Noko dei ikkje lukkast med..

Publisert Sist oppdatert

Men heimelaget hadde godt grep om kampen heilt frå første spark på kula og dei kunne leda med to mål allereie etter fem minuttars spel, då heimelaget var frampå med gode forsøk heilt i starten av kampen, men ballen ville ikkje inn. Dei køyrde på i kampen om nettkjenning resten av omgangen, men gjestane hadde «parkert bussen» og gjorde det vanskeleg for heimelaget å trengja igjennom. Bortelaget hadde fint lite å koma med offensivt og laga gjekk til pause på stillinga 0-0.

Trongt framom kassa

Andre omgang starta slik som den første, med spelemessig overtak til vertane, men det viste seg å vera særs vanskeleg å overlista forsvaret til by-laget. Skot på skot vart fyra av, men enten gjekk dei over eller utanfor målet. Spørs om ikkje det må trenast på skot-teknikk, då det såg ut til at skyttarane hadde ryggsekk.. Men for all del; Rindal var klart beste laget, og kjempa heroisk men lukkast ikkje å få med alle tre poenga, for kampen enda med uavgjort, 0-0.

Daniel ladar kanonen

Det som var artig og sjå, var at heimelaget har mange unge talentar, som til dømes Magnar Reitan, Vegard Mogset og Peder Melien Ree, som alle spelte ein god kamp! Dei la ikkje i mellom i taklingane og viste at dei har nivået inne.

Frisparkforsøk, men dessverre over målet

Trenar Lars Ole Heggem var eigentleg fornøgd med kampen, for det var ei stor forbetring frå forrige kamp og som han sjølv sa etter kampen; 

- Det er godt å sjå at lag kjem på Rinnvollen og legg seg bakpå mot oss for å satse på kontringar! Det viser at dei har respekt og veit at vi er eit godt lag. 

Og han har heilt rett i det. Rindal er jo nyopprykka, men viser til stort monn at dei høyrer til blant dei beste i divisjonen.

For kampfakta:

https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=8432203

Powered by Labrador CMS