Møre og Romsdal fylkeskommune melder:
Flaumfare: Fylkesvegar kan bli stengt på kort varsel
NVE melder om fare for flaum i indre delar av Møre og Romsdal i dag og i morgon. Det kan gi stengte fylkesvegar på grunn av flaum eller skred.
- Vi overvakar vegnettet og har førebudd oss med å kontrollere at grøfter og stikkrenner er opne. Om noko skjer, er entreprenørane våre klare til augeblikkeleg innsats, seier Torgeir Bye, som er seksjonsleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Lokalt kraftig regn kan auke faren for skred og steinsprang utsette stadar. Det kan gjere at vegar blir stengt på kort varsel.
- Trafikantar som skal ut og køyre, bør sjekke trafikkmeldingane på 175.no og vere førebudde på at dei kan møte ein stengt veg. Tryggleiken til trafikantane og entreprenørane som jobbar på vegen kjem alltid først, seier Bye.
Oppdaterte trafikkmeldingar: www.175.no Varsel frå NVE: https://varsom.no/flom-og-jordskred/varsling/