Annonse
Fjellgruppa Surnadal pensjonistlag:
Tur til Liagarden
15 spreke fjellfolk møttest for tur til Liagarden.
Vermeldinga var ikkje på sitt beste, men moralen var god, så vi la trøstig i veg. Vi var ikkje heilt sikre på kor langt det var, men det var det.
Solid rast inni fjøset på Liagarden. Rart å tenkje på at folk hadde levd der, og henta næringa si frå fjellet.
Regnelingane samla seg inni dalbotnen, og sjølv om vi held god fart framatt, nådde tora og regnet oss att. Alle var nok våte, meir eller mindre, men motet var godt, så vi takka for turen og samdes i at det hadde vore ein gild dag!