Godt utsyn frå Haukarstokken mot Kvennbøen og Eidet

Fjellgruppetur til Middagshaugen

Publisert Sist oppdatert

Enn at den siste turen vår før sommarferien skulle bli så fenomenal flott!
Med 28 - 29 plussgrader og blå himmel i vakker fjellnatur med vidt utsyn!
Vi køyrde bomvegen frå Kvennbøen opp til Kvenndalen, gjekk så brua over Kvenndøla.

Så bars det ganske bratt opp til Haukarstokken, der vi møtte Lars Steinar Ansnes som
guida oss gjennom turen. Han fortalde korleis det kunne vere stor nytte av haukarplass, her Haukarstokken, før mobilens tid. 

Kjentmann Lars Steinar Ansnes gjev oss eit godt historisk tilbakeblikk
I alt 34 på veg innover Kvennbøtæla
Vi nærmar oss Tælastuå på Kvennbøtæla

Det var godt at terrenget flata ut da vi kom på Kvennbøtæla, og stien var tørr og god. Framme på ein gammal seterstøl, der det på det meste ein gong var ni hus, vart det ein lang og god matpause medan Lars Steinar fortalde mykje interessant om Kvennbøtæla, blant anna frå tida med markaslått og rikt seterliv. Hytta til Lars Steinar Ansnes, som eigentleg er eit ombygd seterfjøs, ligg på denne stølen, og vi forstår godt at han stortrivst, får sjelefred og blir kreativ i denne vesle Tælastuå, 485 moh.

Ansnes fortel om setring og slåttamark som var på Kvennbøtæla
Ved Tælastuå til Lars Steinar Ansnes

Turen gjekk vidare opp til Middagshaugen, 614 moh. med vidt utsyn til mange fjell, bøgda vår, fjordar og fleire bygder langt der borte.

Framfor varden på Middagshaugen, ligg eit fint flatt berg, som Lars Steinar Ansnes har gjeve namnet Fintenkjarplassen. Og vi både såg og følte at dette var rette plassen med  riktig namn for filosofering og sjelfred.

Lars Steinar Ansnes på Fintenkjarplassen sin
Middagshaugen 614 moh med Storfjellet Sula og Bollknubben i bakgrunnen
Mennesker samlet på fjellet
På heimveg etter flott dag til Kvennbøtæla Middagshaugen og Fintenkjarplassen

Vi takkar Lars Steinar for guidinga og god formidling om gamle dagar på Kvennbøtæla! 

Skulle tatt oss eit bad i desse fine kulpane i Kvenndøla vi og

Fjellgruppa takkar for mange fine turar i godt selskap og vil starte opp att tidleg i august.

Kunngjering om oppstart kjem, så følgj med!

Powered by Labrador CMS