Fjellgruppa Surnadal pensjonistlag

Vi 35 spreke pensjonistar kom oss til topps

Tur til Ørnnebba

Publisert Sist oppdatert

 Vi køyrde frå Nordvik, opp bomvegen, Blomlivegen. Parkerte ved enden av vegen, ved inntaksdammen, 380 moh. Derifrå starta vi, i alt 35 pensjonistar (ny rekord!!), opp Blomlia mot målet Ørnnebba. Stien var merka og gjekk i myrterreng.

Mennesker i turklær på vei opp lia
Opp Blomlia
Godt å finne kjølig drykk opp den bratte Blomlia
Ingrid Nordvik ser ned på hytta si og Nordviksetra
Guiden Ingrid skuer ut over vakre Nordvikstranda


Utan overdrivelse, ein "kjøle" bratt sti! Så det var godt å kome opp på fast berg og fjellplattå. Men vi fekk i alle fall att for strevet; fantastisk utsyn over fjell, fjordar, og ikkje minst den vakre Nordvikstranda!
Og vi tok ein velfortent lang matpause like under toppen av Ørnnebba, 674 moh.

Matpause i fjellets sjeselong
Flott utsyn frå Ørnnebba til fjella sør for Todalen
Ved Ørnnebbas varde 674 moh
På tur nedatt

På nedturen gjekk vi ein liten avstikkar bort til der Svinviksetra ( Nysetra) låg. Ingrid Nordik guida oss.
Fjøset vart bygd i 1906, og seterskjelet i 1910. Men setra fekk hard medfart. Vinteren 1953 tok eit stort snøskred med seg seterfjøset, så siste setring vart i 1952. Og i 1977 gjekk det på nytt eit stort snøskred, eit godt stykke unna setra, men vindgufsen etter skredet var så kraftig, at seterskjelet blas over ende. Det einaste vi kunne finne etter setertufta, var ei grå. gammal gjerdepåle. Det kunne vore fint for ettertida at denne setertufta hadde vorte merka og fått ei lita tavle om Svinviksetras historie og lagnad.

Her var Svinviksetra som vart teke av snøskred

Vi hadde vergudane med oss denne gongen og, - sol og varme på heile turen. Men på bilturen heim, kom styrtregnet! Griseflaks!

Powered by Labrador CMS